Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Helgestillingar

Helgestillingar

Heimetenesta, Gloppen kommuneSANDANE, VESTLAND, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Helgestillingar

ArbeidsgiverHeimetenesta, Gloppen kommuneSted6823 Sandane Kunne du tenkje deg å bidra til å gje pasientane trygg, heimebasert omsorg? I frå januar har vi ledige faste helgestillingar kvar andre- / tredje helg i Heimetenesta og søkjer etter deg . 14-19 % fast stilling.

Heimetenesta i Gloppen er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebaserte tenester til brukarar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.

Vi arbeider tverrfagleg for å kunne tilby brukarar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi.

Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

Du vil få opplæring / kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt!

Arbeidsoppgåver

Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer, og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som har utdanning i helse eller deg som ynskjer å prøve deg i omsorgsyrket sjølv utan fagkompetanse eller påbegynt helseutdanning. Vi oppfordrar spesielt deg som har interesse for faget og som har eit sterkt ynskje om å bidra til ein god kvardag for våre brukarar.
  • For arbeid utanom Gotatunet er det krav om førarkort.
  • Du må kunne snakke godt norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
  • Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
  • Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar, 472 60 601

    Arbeidsstad

    Sandane

    Nøkkelinformasjon :

    Arbeidsgivar : Gloppen kommune

    Referansenr. : 4714230074

    Stillingsprosent : 19%

    Fast

    Startdato : 01.01.2024

    Søknadsfrist : 05.11.2023

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverHeimetenesta, Gloppen kommuneAdresseGrandavegen 12, 6823 SandaneHjemmesideGloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.

    Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

    Om stillingen

    Stillingstittel : HelgestillingarAntall stillinger : 2Oppstart1. januar 2024AnsettelsesformFastProsent19 %Heltid / deltidDeltidSektorOffentligArbeidstidsordningTurnus