Talent.com
This job offer is not available in your country.
Arkeologisk feltarbeid 2025

Arkeologisk feltarbeid 2025

University of BergenBergen, Vestland, Norge
30+ days ago
Job description

Språk Norsk Nynorsk

Arkeologisk feltarbeid 2025

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Om stillinga :

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet har også ansvaret for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk. Nærare informasjon finn du her :

Fornminnesseksjonen har ansvar for sakshandsaming etter Lov om kulturminne og forvaltningsinitierte utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt som omfattar Vestland og Sunnmøre. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltinga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltingsområde. Universitetsmuseet har for feltsesongen 2025 behov for personell til arkeologisk feltarbeid. Feltsesongen er normalt frå april til november.

Tilsetjingane vil vere av ulik lengd og kan omfatte deltaking i fleire prosjekt. Vi vurderer alle søknader som generelle, det vil seie at dei vil gjelde for alt feltarbeid som kjem i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Det er likevel ønskjeleg at ein kjem med faglege eller tematiske prioriteringar i søknadsbrevet. Søkarane må ha relevant arkeologifagleg utdanning. Tildelinga vil vere basert på dei ulike prosjekta sine behov i kombinasjon med dei enkelte søkarane si arkeologiske felterfaring, spesialkompetanse og faglege kvalifikasjonar.

Arbeidsoppgåver :

Feltarkeolog (stillingskode 1085, avdelingsingeniør) :

  • Feltarkeolog utfører oppgåver ved feltarbeid under leiing av feltleiar / utgravingsleiar. Dette er oppgåver som utgraving, prøvetaking, handsaming av funn, dokumentasjon, innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan og leggjast til stillinga

Feltleiar (stillingskode 1087 overingeniør) :

  • Feltleiar avlastar prosjektleiar eller utgravingsleiar ved arkeologiske utgravingsprosjekt. Feltleiar kan verte gjeve dagleg leiaransvar for ein avgrensa del av feltarbeidet. Feltleiar utfører også oppgåver som utgraving, prøvetaking, funnbehandling, dokumentasjon, innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan og leggjast til stillinga
  • Kvalifikasjonar og eigenskapar :

    Feltarkeolog (stillingskode 1085, avdelingsingeniør) :

  • Minimumskrav er normalt bachelorgrad. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar
  • Feltleiar (stillingskode 1087 overingeniør) :

  • Mastergrad i arkeologi, søkaren bør og ha brei erfaring frå arkeologisk feltarbeid. Omfattande relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar. Kompetanse innanfor GIS / Intrasis er eit krav. Det er ønskeleg med førarkort for bil (klasse B)
  • For alle stillingane gjeld :

    Vi søker engasjerte og ansvarsfulle personar som kan arbeide i team, av og til under krevjande forhold. Vi ønsker personar som har evne og vilje til å skape gode arbeidsmiljø.

    Vi tilbyr :

  • Varierte arbeidsoppgåver i ulike delar av museets ansvarsområde
  • Arbeid med ulike typar arkeologiske kulturminne
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer
  • Feltarkeolog (kode 1085) vert løna i årsløn kr. 524 700 – 565.900 tilsvarande 100% stilling etter erfaring i felt / feltarbeid. Feltleiar (kode 1087) vert løna i årsløn kr. 584.500 – 624.500 tilsvarande 100% stilling etter erfaring i felt / feltarbeid. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse ved arbeidsforhold over ein månad og stilling 20 % eller meir av full stilling
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Generell informasjon :

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Morten Ramstad, tlf. , , e-post : (emailprotected)

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

    Søknaden skal innehalde :

  • Søknadsbrev (½ side)
  • CV
  • Attestar
  • Søknad og CV skal sendast elektronisk via til Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen.

    Det er viktig at du i søknaden oppgir kva stillingskategoriar du er interessert i. Spesifiser gjerne faglege interesser og opplys nøyaktig om kva tidsrom du kan arbeide. Vi ber også om at du opplyser om du har førarkort og om kompetanse innanfor digital innmåling og Intrasis. Opplys gjerne også om andre forhold som kan vere av betyding. I samband med tildeling av arbeid vil det bli gjort ei lønsplassering, derfor må utdanning og arkeologisk erfaring / praksis dokumenterast.

    Feltarbeid blir tildelt fortløpande gjennom heile sesongen etter kvart som nye prosjekt kjem inn. Tiltreding er frå midten av april og ut feltsesongen. Universitetsmuseet planlegg å avvikle fellesferie i juli, og det vil berre unntaksvis vere aktivitet i felt i denne perioden.

    Vi tek imot søknader gjennom heile sesongen fram til 24. oktober 2025. Dei som får tilbod vil bli kontakta. Send berre éin søknad, men oppdater gjerne informasjon gjennom sesongen dersom det skjer store endringar i forhold til CV og tidsrom du kan arbeide. Dette kan gjerast på e-post til : (emailprotected)

    For å komme tidleg i betraktning, anbefalast det å sende søknad snarast.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

    via Unsplash

    Om Universitetet i Bergen

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Arkeologisk Feltarbeid 2025 • Bergen, Vestland, Norge

    Related jobs
    • Promoted
    Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

    Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Sente...Show moreLast updated: 21 days ago
    • Promoted
    Seniorforsker / prosjektleder innen miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger

    Seniorforsker / prosjektleder innen miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger

    ArbeidsplassenBrønnerud, Akershus, Norge
    Vi søker en merittert seniorforsker innenfor området miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger.NOK), og du må ha solid vitenskapelig produksjon (h-index anslagsvis > .Arbeidssted vil v...Show moreLast updated: 13 days ago
    • Promoted
    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Sente...Show moreLast updated: 30+ days ago
    • Promoted
    • New!
    Seniorforsker / prosjektleder innen miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger

    Seniorforsker / prosjektleder innen miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger

    NIBIO Norwegian Institute of Bioeconomy ResearchÅs, Akershus, Norge
    Vi søker en merittert seniorforsker innenfor området miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger.NOK), og du må ha solid vitenskapelig produksjon (h-index anslagsvis > .Arbeidssted vil v...Show moreLast updated: 1 hour ago
    • Promoted
    Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap

    Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Dette...Show moreLast updated: 18 days ago
    • Promoted
    Forsker nematologi

    Forsker nematologi

    ArbeidsplassenSlitu, Østfold, Norge
    Vi søker etter deg som ønsker å jobbe med problemstillinger knyttet til nematoder i planter i landbruk, hagebruk og skog. Stillingens formål er å bidra til faglig utvikling, prosjektinnhenting, pros...Show moreLast updated: 18 days ago
    • Promoted
    Til vårt kontor i Moss søker vi en ambisiøs AI-utvikler

    Til vårt kontor i Moss søker vi en ambisiøs AI-utvikler

    ArbeidsplassenMoss, Viken, Norge
    Til vårt kontor i Moss søker vi en ambisiøs AI-utvikler.Vi" er Division Defence Systems (DDS), en divisjon i Kongsberg Defence & Aerospace AS (KDA). Divisjonen jobber internasjonalt med utvikling og...Show moreLast updated: 16 days ago
    • Promoted
    Forsker 1109 i turbidittsedimentologi

    Forsker 1109 i turbidittsedimentologi

    Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Ved Institutt for geovitenskap er det l...Show moreLast updated: 18 days ago
    • Promoted
    • New!
    Forsker nematologi

    Forsker nematologi

    NIBIO Norwegian Institute of Bioeconomy ResearchÅs, Akershus, Norge
    Vi søker etter deg som ønsker å jobbe med problemstillinger knyttet til nematoder i planter i landbruk, hagebruk og skog. Stillingens formål er å bidra til faglig utvikling, prosjektinnhenting, pros...Show moreLast updated: 1 hour ago
    • Promoted
    Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

    Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

    Universitetet i BergenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Sente...Show moreLast updated: 23 days ago
    • Promoted
    Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk

    Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Postd...Show moreLast updated: 21 days ago
    • Promoted
    Arealplanlegger

    Arealplanlegger

    3RW arkitekterBergen, Vestland, Norge
    Utfordrende oppgaver for et firma i vekst.RW arkitekter søker flere dyktige og engasjerte planleggere til vårt kontor i Bergen. RW har en stor portefølje av planprosjekter på alle nivå, fra detaljre...Show moreLast updated: 30+ days ago
    • Promoted
    Prosjektleder søkes til programvareselskap

    Prosjektleder søkes til programvareselskap

    IMAGESHOP ASBergen, Vestland, Norge
    Prosjektleder søkes til programvareselskap.Tilrettelegging av marketing-, prospectlister og kampanjer.Utføre andre oppgaver som passer din kompetanseprofil. Er flytende i bruk av personlige dataverk...Show moreLast updated: 16 days ago
    • Promoted
    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    UiB - Kunnskap som formar samfunnet.Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil...Show moreLast updated: 21 days ago
    • Promoted
    Postdoktor (innstegsstilling) i automatisering av syntetisk kjemi / analyser i kjemisk syntese

    Postdoktor (innstegsstilling) i automatisering av syntetisk kjemi / analyser i kjemisk syntese

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Postd...Show moreLast updated: 21 days ago
    • Promoted
    Forskar 1109 i turbidittsedimentologi

    Forskar 1109 i turbidittsedimentologi

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i sedimentologi.Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til finansiering frå Petrolia NOCO.Dette prosjektet ...Show moreLast updated: 18 days ago
    • Promoted
    Førsteamanuensis (50 %) i møbel- og produktdesign

    Førsteamanuensis (50 %) i møbel- og produktdesign

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Evne til å reflektere over egen underviserrolle, og til å diskutere og grunngje val i egen undervisning og rettleiing.UiB - Kunnskap som formar samfunnet. Gjennom eit sterkt og tett samspel med omve...Show moreLast updated: 2 days ago
    • Promoted
    Arkeologisk feltarbeid 2025

    Arkeologisk feltarbeid 2025

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver.Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi.Muse...Show moreLast updated: 21 days ago