Talent.com
This job offer is not available in your country.
Forskar 1109 i turbidittsedimentologi

Forskar 1109 i turbidittsedimentologi

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
18 days ago
Job description

Oversikt

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i sedimentologi. Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til finansiering frå Petrolia NOCO. Dette prosjektet handlar om kjernestudiar og 3D-seismisk tolking av turbiditt-sandsteinar i Draupneformasjonen i Tampenutstikkar-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Dei viktigaste måla er å betre forståinga av sandkroppar i Draupneformasjonen for å gjere meir påliteleg reservoarmodellering, utvikle nyskapande leitestrategiar, tolking av brønnloggar og pluggdata, og integrasjon av data frå kjerner, brønnloggar og seismikk.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til prosjektet “Reservoir and Seal Characterization & Prediction : An Integrated Workflow Combining Flow-Facies Analysis with High-Resolution Seismic Interpretation” og handlar om kjernestudiar og 3D-seismisk tolking av turbiditt-sandsteinar i Draupneformasjonen i Tampenutstikkar-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Dei viktigaste måla er å betre forståinga av sandkroppar i Draupneformasjonen, karakterisere reservoar og forsegling, og utvikle nyskapande leitestrategiar. Arbeidet vil omfatte :

  • sedimentologisk skildring og analyse av kjernemateriale ved kjernelager i Stavanger
  • tolking av brønnloggar og pluggdata
  • seismisk tolking og analyse av intra-Draupne avsetjingssystem i 3D-seismiske datasett, inkludert spektral dekomponering-attributtar
  • integrasjon av data frå kjerner, brønnloggar og seismikk
  • bruk av sedimentologiske modellar for å rekonstruere avsetjingshistorie, paleogeografi og sedimentær arkitektur
  • presentasjon av resultat på nasjonale og internasjonale konferansar
  • publisering av om lag to artiklar i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor sedimentologi
  • Erfaring med turbidittsedimentologi er eit krav
  • Erfaring med detaljert kjerneanalyse er eit krav
  • Erfaring med 3D-seismisk tolking, inkludert seismisk attributtanalyse og spektral dekomponering er eit krav
  • Søkjarar må kunne dokumentere at dei har evne til å publisere vitskaplege artiklar
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

    Særeigne krav for stillinga

    UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

    Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

    Generell informasjon

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Professor Christian Haug Eide, Institutt for geovitenskap, For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Mathilde Høgalmen,

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

    Nærare om tilsettingsprosessen : Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Turbidittsedimentologi • Bergen, Vestland, Norge