Vi søkjer dyktige sjukepleiarar til stillingar i Førebygging og meistring (heimeteneste / bustad / korttid) og i Institusjon. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid / avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.
Vi har ledig fleire sjukepleiarstillingar. Stillingane varierar frå 75-100%. Skriv kor stor stilling du ønskjer i søknaden din.
Vi ser fram til å lese søknaden din! Søkjarar blir kontakta og innkalla til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbod
Kontaktinformasjon
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester,
Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring,
Arbeidsstad
Bygdinvegen 2120
2940 Heggenes
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Øystre Slidre kommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100, 75%
Fast
Søknadsfrist :
Tenesteleiar institusjonstenester
Tenesteleiar førebygging og meistring
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktiv stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
#J-18808-Ljbffr
Sjukepleiarar Slidre • Heggenes, Innlandet, Norge