Talent.com
This job offer is not available in your country.
Sjukepleiar - Gjestetunet (kortidsavdeling)

Sjukepleiar - Gjestetunet (kortidsavdeling)

ArbeidsplassenÅl, Viken, Norge
21 days ago
Job description

Er du omgjengeleg, omsorgsfull og vil du bidra med din fagkompetanse?

Sjukepleiar - Gjestetunet (kortidsavdeling)

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlege sjukdomsteikn?

Vil du bidra i arbeidet med å aktivisere og stimulere pasientar til å hente ut sitt rehabiliteringspotensiale og få fram glede og trivsel i kvardagen? Pasientgruppa er variert med ulike diagnoser og behandlingsopplegg, der hovudmålet med opphaldet som regel er heimreise.

Me søkjer etter sjukepleiar til Gjestetunet, og me kan tilby stilling med fagleg utfordrande, varierte og spennande arbeidoppgåver.

Vi har ei svært varierande pasientgruppe med ulike behov og samansette diagnosar som gir rom for fagleg utvikling. Kommunen er i gong med utviklingsarbeid for å forbetre tenestene i møte med demografiske endringar. I samarbeid med dei tilsette jobbar med å ei meir robust oppgåvefordeling, fokus på førebygging, meistring og rehabilitering.

Arbeidsoppgåver sjukepleiar

  • Sjukepleiarfaglege prosedyrar og kliniske oppgåver.
  • Ivareta pasientane sine behov og mål i samarbeid med pasienten sjølv og pårørande.
  • Observere, planlegge, gjennomføre og evaluere pleie og medisinsk behandling i samarbeid med kollegaer, lege, ergoterapeut og fysioterapeut.
  • Dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
  • Klinisk rettleing av medarbeiderarar og studentar.
  • Deltaking og ansvar for legevisitt etter vaktplan.
  • Kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid.
  • Enkelt laboratorearbeid.
  • Gje god kollegastøtte i kvardagen.
  • Bidra til å skape godt fagmiljø.

Me ynskjer å jobbe med deg som

  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relvant vidareutdanning.
  • Vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass.
  • Trivst med faglege utfordringar.
  • Bidreg til at brukarar blir fagleg, individuelt ivareteke og arbeider aktivt for å auke deira eigenmeistring og livskvalitet.
  • Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysningsorientert.
  • Beherskar norsk svært godt, både skriftleg og munnleg, minimum B2 - nivå.
  • Er god på å motivere og rettleie.
  • Evnar å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor, arbeidsglede og lojalitet.
  • Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt.

    Me tilbyr

  • Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
  • Todelt turnus.
  • Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Høgt fagleg nivå og god fagdekking.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Tilrettelagde og nye lokale.
  • Fadderordning.
  • Rabattert pris på treningssenter.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale og gunstige lokale tillegg.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

    Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Ta gjerne kontakt med oss.

    Velkommen som søkjar!

    Link til søknadsskjema : Søk her

    Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, fordelt på 12,6 årsverk. Natttenesta er og knytt til avdelinga med 6 årsverk.Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslege.Som distriktskommune med lagt reiseveg til sjukehus blir det utført avansert faglege prosedyrar. Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik. Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Bu og levekostnadene er rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengar på å realisere draumane dine. Ål kommune er kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Sjukepleiar • Ål, Viken, Norge