Ønskjer du å gjera ein forskjell i eldreomsorga?
Me har ledig 80 % fast stilling med oppstart frå snarast eller etter avtale. Stillinga er for tida i turnus med arbeid på dag og kveld, samt helg. Me tilbyr ulike helgerotasjonar og vaktlengde. Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu, og tilsette hos oss jobbar med å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Generell informasjon : Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftpråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg,
Arbeidsstad
Skårdalsvegen 20
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Kvam herad
Referansenr. : Søknadsfrist :
Leiar for heildøgns omsorg
Oppdag Kvam -framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
#J-18808-Ljbffr
Helsefagarbeidar • Øystese, Vestland, Norge