Overview
Avdelingsleiar heimesjukepleie / heimehjelp, Stryn kommune. Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp i Stryn kommune. Avdelinga er organisert under einingsleiar for pleie- og omsorgstenester ved Område Vikane. Avdelinga har to basar som er geografisk adskilt, ein i Vikane og ein i Stryn sentrum. Som avdelingsleiar må du veksle mellom å vere fysisk på dei to basane; kvar av basane vil ha ein eigen teamansvarleg.
Vi søker ein leiar som tenker utvikling, ser mogelegheiter og løysingar, og som vil skape ein god kultur. Som ein del av vårt leiarteam får du mogelegheit til å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø. Gode evner til samarbeid vil bli vektlagt. Leiarerfaring frå tidlegare tel positivt. I stillinga vil du få mogelegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar.
Hausten 2025 skal Stryn kommune i gang med omstillingsprosjektet TØRN, og vi søker ein leiar som er nyskapande og engasjert og som har evne til omstilling og som er interessert i å vere med på å utvikle tenesta. Vi søker ein lagspelar som vil vere med på å utvikle tenestene våre.
Vil du bli ein del av vårt team? Søk i dag!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Mariann Hilde Yri, Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Vikane
Telefon : Arbeidsstad
Dragesetvegen 50, 6793 Innvik
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Stryn Kommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100% (Fast)
Søknadsfrist :
Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Vikane
Viktige opptakter
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi leggje til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta-Volda eller Sandane.
#J-18808-Ljbffr
Avdelingsleiar Stryn • Reme, Vestland, Norge