Overview
Vil du leie eit nytt senter med eit viktig samfunnsoppdrag – for å ivareta barn sine samla behov på best mogleg måte? Vi slår no saman fire avdelingar innan omsorg og åtferd høg til eitt senter i eit geografisk avgrensa område i Fana og Ytrebygda. Målet er å skape ein heilskapleg struktur som gjer oss i stand til å møte breidda i barn sine behov – på ein fleksibel og berekraftig måte. Senteret er ein del av ein nasjonal utprøving i tråd med tilrådingane i NOU 2023 : Med barnet heile vegen. Dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og forme framtidas institusjonsbarnevern – eit arbeid som kan få tyding langt utover denne rolla. Motivasjon for samfunnsoppdraget og våre verdiar – respekt, openheit og deltaking – er sentralt i rolla.
Som leiar for senteret får du ansvar for å vidareutvikle og forme eit samla fagmiljø med høg kompetanse. Ressursane skal brukast på tvers for å sikre best mogleg oppfølging av kvart enkelt barn. Vi ønskjer å hindre unødvendige flyttingar og bidra til stabile relasjonar til BUP, skule, nettverk og andre viktige samarbeidspartnarar. Dette er ei spennande leiarrolle for deg som blir motivert av utviklingsarbeid, tverrfagleg samarbeid og som ønskjer å gjere ein forskjell for barn og unge med komplekse behov.
#J-18808-Ljbffr
Einingsleier Fana Og Ytrebygda Ungdomssenter • Bergen, Vestland, Norge