Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Leiar for Avdeling for utvikling av undervising og læring

Leiar for Avdeling for utvikling av undervising og læring

Høgskulen på VestlandetFØRDE, VESTLAND, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Leiar for Avdeling for utvikling av undervising og læring

ArbeidsgiverHøgskulen på VestlandetSted6851 Sogndal, 5501 Haugesund, 5401 Stord, 6800 Førde, Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning har ledig stilling som avdelingsleiar

Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling som avdelingsleiar for Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU). ALU har ansvar for å bidra til utdanningsfagleg kompetanse hos undervisarar. Avdelinga skal og støtte tilsette og studentars utvikling av digitale kompetanse. Høgskulen søker no etter ein ny leiar for avdelinga.

Hovudoppgåvene til avdelinga er å :

  • Arbeide systematisk og forskningsbasert med kunnskaps- og kompetanseutvikling for å vidareutvikle utdanningskvalitet ved HVL.
  • Legge til rette for studentaktiv læring, bruk av teknologi i utdanningane og utvikling av fleksible utdanningstilbod.
  • Drive utdanningsfagleg kompetanseutvikling og forskning. (Utdanningsfagleg kompetanse omfattar UH-pedagogikk og didaktikk og inkluderer kompetanse til å utnytte digital teknologi i læringsarbeidet.)
  • Vere ein pådrivar for kontinuerleg forskings- og utviklingsarbeid kring læringsarbeidet i utdanningane.
  • Støtte tilsette og studentars digitale kompetanse.
  • Vere eit rådgjevande organ for høgskuleleiinga i det strategiske arbeidet med læring, undervisning og kunnskapsutvikling

Avdelinga er organisatorisk plassert under Prorektor for utdanning og avdelingsleiaren har det overordna ansvaret for tre faggrupper og ei mediefagleg eining. Faggruppene sine oppgåver er

  • UH-pedagogikk og utdanningsforsking
  • Universell utforming av IKT-løysingar og pedagogisk programvare
  • Utlån og utforsking av læringsteknologi
  • Den mediefaglege eininga, Medielab, er ein kompetanseeining for utvikling og bruk av digital teknologi i undervisning, forsking og formidling. Eininga arbeider mellom anna med medieproduksjon, utvikling og design, samt utvikling og drift av Læringslab.

    Arbeidsstaden er ved ein av HVL sine fem campus

    Ansvars- og arbeidsoppgåver :

    Leiaren har det faglege ansvaret for kontinuerleg utvikling av avdelinga og dei oppgåvene avdelinga har ansvar for. Hen vil og følgje opp dei økonomiske, administrative og personalmessige sidene i avdelinga. Eit anna viktig område er å aktivt søke samarbeid med eksterne partnarar og ha oversikt over nasjonale føringar i sektoren og internasjonal utvikling av feltet. Leiaren skal ha særskilt fokus på å skape gode samarbeidsrelasjonar internt i HVL, både med fagmiljøa og tilgrensande administrative einingar.

    Kvalifikasjonskrav :

    Formell utdanning og kompetanse :

  • Fortrinnsvis førstekompetanse innanfor relevante fagområde
  • Erfaring frå, og strategisk perspektiv på, pedagogisk endringsarbeid
  • Erfaring med digitalisering, fortrinnsvis frå universitets- og høgskulesektoren, og fokus på å utvikle eigen digital kompetanse
  • Dokumentert leiarerfaring
  • Erfaring med prosjektstyring og med kommunikasjons- og formidlingsarbeid.
  • Personlege eigenskapar :

  • Evne til å utnytte ressursar på tvers i ein sterk kunnskapsorganisasjon
  • Evne til å motivere andre og til å bygge bru mellom ulike miljø og fagområde
  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til å tenke framtidsretta og innovativt
  • Sterke kommunikasjonsevner, samt evne til å inspirere og motivere andre.
  • Engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.
  • Vi tilbyr :

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida
  • Stillinga som avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 avdelingsdirektør.

    Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

    Korleis søke på stillinga?

    Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

    Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

    Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

    Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

    Generell informasjon :

    Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

    Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

    Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

    Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

    Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er :

    Prorektor for utdanning Anne-Grete Naustdal, +47 900 94 491 / 57 67 62 42,

    Inkludere, utfordre og samhandle

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverHøgskulen på VestlandetAdresseInndalsveien 28, 5063 BergenHjemmeside

    Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

    Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

    HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

    Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar

    Om stillingen

    Stillingstittel : Leiar for Avdeling for utvikling av undervising og læringAntall stillinger : 1AnsettelsesformFastHeltid / deltidHeltidSektorOffentlig