Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Fagarbeidar / assistent

Fagarbeidar / assistent

Sogndal kommune Fjordtun oppvekstsenterSOGNDAL, VESTLAND, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Fagarbeidar / assistent

ArbeidsgiverSogndal kommune Fjordtun oppvekstsenter StedDalavegen 2, 6856 Sogndal

Fjordtun barnehage er ein del av Fjordtun oppvekstsenter. Det er eit lite oppvekstsenter der vi samarbeider tett og godt og har fokus på å ha eit triveleg, utviklande og ope miljø både i barnegruppa og i personalgruppa. Det er mykje flott natur og høge fjell rundt Fjordtun. Nærmiljøet og bygdefolka er ein viktig ressurs for oppvekstsenteret, og ein del av aktivitetane skjer i samarbeid med bygda.

Det er ledig barnehagestilling som fagarbeidar / assistent i Sogndal kommune :

Fjordtun Oppvekstsenter - barnehage :

100% fast stilling som fagarbeidar / assistent frå 01.01.24

Arbeidsoppgåver :

medverka til å skapa eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø

leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vera der for barna

bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute

samarbeida med kollegaene og med føresette

hjelpa til med praktiske oppgåver som påkledning, rydding m.m.

Kvalifikasjonar :

godkjend relevant utdanning, t.d. barne- og ungdomsarbeidar

erfaring med barn og unge

beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning, men har relevant praksis / erfaring

Personlege eigenskapar :

positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar

fysisk aktiv og leiken

ei føremon med interesse og erfaring innanfor friluftsliv, musikk, IKT, kunst & kreativitet

engasjert i borna, tek initiativ og ansvar

evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette

likar å arbeida i lag med andre

taklar høgt tempo i kvardagen

godt humør

Me tilbyr :

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Gode velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema :

Om arbeidsgiveren

ArbeidsgiverSogndal kommune Fjordtun oppvekstsenter AdresseTorsnes 17, 6899 BalestrandVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring : https : / / uustatus.no / nn / erklaringer / publisert / 187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Om stillingen

Antall stillinger : 1Prosent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentlig