Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Leiar

Leiar

Capus ASUlvik, Norway
30+ dager siden
Jobbtype
  • Fast
Jobbeskrivelse

Om stillinga

Som leiar for Ulvik omsorgstun har du ansvar for rundt fast tilsette. Dei er dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og ufaglærte. I tillegg har du ansvar for tildelingskontor med 2 tilsette, og ergoterapeu. Tenestene våre er gode og me får gode skussmål frå både bebuarar og pårørande. Du blir del av eit fagmiljø på Ulvik omsorgstun med to andre mellomleiarar. Stillinga rapporterer til kommunalsjef helse og velferd. Leiarteamet i helse og velferd jobbar tett saman for å løyse dei utfordringane dei kommunale helsetenestene i Ulvik står ovanfor no og i framtida. Eininga deltek for tida i KS-prosjektet TØRN, og det er gjort mykje spennande arbeid som har gjeve oss ny innsikt og kunnskap. Du får ei nøkkelrolle i å følgje opp og vidareføre arbeidet. Dette er ein stilling som er spennande og utfordrande. Gode prioriteringar, gjennomføringsevne og godt samarbeid med tilsette er avgjerande for å lukkast. Me er ute etter ein person som er motivert, fagleg sterk og som har eit engasjement for god eldreomsorg.

Oppgåver

Ansvar for dagleg drift : Organisering og planlegging av arbeidskvardagen. Sikre nok bemanning med rett kompetanse.

Stedfortredar for kommunalsjef for Helse og Velferd

Syte for at me tilbyr tenester med høg kvalitet og i tråd med lovkrav og lokale føringar.

Planlegging av arbeidstid inkludert arbeid med årsturnus, arbeidsplan, bemanningsplan og ferieavvikling

Bidra i prosessar for å rekruttere og tilsetje

Personalansvar og fagansvar

HMT og kvalitetsarbeid

Samarbeid med tillitsvalde og verneombod

Systemansvar

Vera ein synleg og motiverande leiar

Lista er ikkje uttømmande

Ynskja kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg utdanning

Leiarutdanning og / eller leiarerfaring

Kompetanse på turnusplanlegging og arbeidstid er ynskjeleg

Gode IT-kunnskapar

Sertifikat klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit krav

Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4

Personlege eigenskapar

Du er fagleg sterk og har evne til å motivera og rettleia tilsette

Du jobbar effektivt, strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Du er fleksibel og serviceinnstilt med god evne til samarbeid og kommunikasjon

Me kan tilby

Ein spanande jobb der du får utfordra deg sjølv og bidra til å finne gode framtidsretta løysingar for helse og omsorgstenestene

Arbeid på dagtid, utan helgebelastning

Kontor i nytt flott lokale

Ein triveleg arbeidsplass i verdas flottaste bygd

Løn etter avtale og kompetansenivå

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta vår rådgjevar hjå Capus Per Jorem tlf. .

Alle førespurnadar til Capus blir handsama konfidensielt inntil anna er avtalt.

Om arbeidsgjevar

Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, institusjonskjøkken, heimesjukepleie, fastlegelegekontor med daglegevakt, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, og flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 0. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Meir informasjon finn du på og