Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Miljøterapeut / helsefagarbeidar

Miljøterapeut / helsefagarbeidar

Sunnfjord kommunesunnfjord, NO
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Sunnfjord kommune

Miljøterapeut / helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stillinga er delt mellom Sande bu- og miljøteneste og Bemanningseininga.

Stillinga har fast arbeidshelg på Sande bu- og miljøteneste med langvakter, denne delen utgjer for tida inntil 25 % av stillinga.

Resterande del av stillinga er i Bemanningseininga i Sunnfjord Kommune. For tida todelt turnus med dag og kveldsvakter.

Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling og likar varierte oppgåver. Tenesteområda er institusjon, avlastningseininga, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Som tilsett i Bemanningseininga jobbar du i 3 ulike einingar.

Sande Bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta yt og avlastningsteneste i avlastningsleilegheit. Personalbasane er knytt tett opp til omsorgsbustadane til brukarane. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig :

  • 100% fast stilling som Miljøterapeut eller helsefagarbeidar

Arbeidsoppgåver :

  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • sikre journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
  • Krav til søkar :

  • fagbrev som helsefagarbeidar eller 3 årig helse- og sosialfag høgskuleutdanning
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
  • førarkort klasse B
  • Vi søker deg som :

  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • trivast å arbeide sjølvstendig og i team
  • er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er fleksibel, stabil og endringsvillig
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert. Ein pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene og har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • Vi kan tilby :

  • engasjerte kollegar og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus
  • varierte og spanande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tillegg på kr ,- for den delen av stillinga som høyrer til Bemanningseininga
  • Velkomen som søkar!

    Du må søke elektronisk!