Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Tilkallingsvikarer miljøterapeut / miljøarbeider

Tilkallingsvikarer miljøterapeut / miljøarbeider

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HFÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Tilkallingsvikarer miljøterapeut / miljøarbeider

ArbeidsgiverAvrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HFStedVestmoa 27, 6018 ÅlesundVi har behov for tilkallingsvikar som er sjukepleiar / vernepleiar / sosionom / helsefagarbeidar / studentar, eventuelt andre med relevant erfaring.

Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg behandling til rusavhengige over 18 år. Avrusinga har 17 døgnplassar, inkludert 3 rusakutte senger.

Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg og inkluderer mellom anna legar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Deltakelse i miljøterapeutiske aktivitetar
  • Ulike praktiske oppgåver i seksjonen og opp mot pasientane
  • Utifrå kvalifikasjonar kan ein få andre arbeidsopgåver, t.d. medikamenthåndtering og oppfølging av pasientar

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med helse / sosialfagleg utdanning, eller studentar i desse utdanningane
  • Andre med relevant erfaring kan også bli vurdert for stillinga
  • God skriftleg framstillingsevne, og tydeleg kommunikasjon
  • Førarkort klasse B, med manuelt gir
  • Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, engasjert og med godt humør
  • Evne til å samarbeide på tvers av faggruppe
  • Gode evner til relasjonsbygging
  • Sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
  • Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Kontaktinformasjon

    Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171338

    Arbeidssted

    Vestmoa 27

    6018 Ålesund

    Nøkkelinformasjon :

    Arbeidsgiver : Helse Møre og Romsdal HF

    Referansenr. : 4715764063

    Stillingsprosent : 0%

    Tilkalling / Timebasis

    Søknadsfrist : 26.10.2023

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverAvrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HFAdresseÅsehaugen 1, 6017 ÅlesundHjemmeside

    Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

    Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

    Om stillingen

    Stillingstittel : Tilkallingsvikarer miljøterapeut / miljøarbeider Antall stillinger : 1AnsettelsesformAnnetProsent0 %Heltid / deltidDeltidSektorOffentlig