Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Fast 33% helgestilling på natt ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Fast 33% helgestilling på natt ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Psykiatrisk klinikk, Helse BergenBERGEN, VESTLAND, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Fast 33% helgestilling på natt ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

ArbeidsgiverPsykiatrisk klinikk, Helse BergenStedSandviksleietet 1, 5036 BergenHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag?

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Vi har ledig 33 fast helgstilling på natt med arbeid pt. kvar 3. helg, oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp pasientar sin behandlingsplan
  • Bygge relasjonar til pasientane
  • Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
  • Praktiske oppgåver
  • Ansvarsvakt (sjukepleiar / vernepleiar)
  • Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar / vernepleiar)
  • Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar / vernepleiar)

Kvalifikasjonar

  • Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke
  • Sjukepleiar / vernepleiar / helsefagarbeidar / hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar

    Vi ønsker medarbeidarar som :

  • har respekt for kvar enkelt pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og / eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
  • Ønsker og evner å motta rettleiing
  • Vi tilbyr

  • Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar
  • Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
  • Fagleg og personleg utvikling / tverrfagleg internundervisning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Mangfaldserklæring

    Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530

    June Tvedt, Ass.seksjonsleiar, 55958734

    Arbeidsstad

    Sandviksleietet 1

    5036 Bergen

    Nøkkelinformasjon :

    Arbeidsgivar : Helse Bergen

    Referansenr. : 4719675989

    Stillingsprosent : 33%

    Fast

    Søknadsfrist : 31.10.2023

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverPsykiatrisk klinikk, Helse BergenAdresseJonas Lies vei 65, 5021 Bergen

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.

    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    Om stillingen

    Stillingstittel : Fast 33% helgestilling på natt. Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3Antall stillinger : 1AnsettelsesformFastProsent33 %Heltid / deltidDeltidSektorOffentligArbeidsdagerLørdag, SøndagArbeidstidNatt