Me søkjar fleire dyktige lærarar til skulane i Ål!
ArbeidsgiverÅl kommune Skattebøl skuleStedBrennovegen 9, 3570 Ål
Me søkjer no etter fleire leikne og dyktige lærarar som kan tenkje seg å bli med på laget til Nedre-Ål og Skattebøl skule! Me har både faste og mellombelse 100% stillingar, og det er ønskeleg med snarast mogeleg oppstart.
Me treng deg som har godkjent lærarutdanning og som ønskjer å vere med å utvikle skulen vår vidare. Me ønskjer å finne nokon som har stort engasjement for elevane si læring, samt er nysgjerrig på å lære sjølv og likar å vere i utvikling. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen vår er : «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige».
Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing, Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Me oppfordrar både nyutdanna og erfarne lærarar til å søkje hjå oss!
Ønsket kvalifikasjonar
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Søknad og politiattest
Velkomen hjå oss som søkjar!
Litt om skulene :
Nedre-Ål skule er full av engasjerte folk som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel. Me har to-lærarmodell i alle fag på 1. og 2. trinn, og i norsk, engelsk og matte frå 3. trinn, samt solide fagarbeidarar og eit team med supre miljørettleiarar. Skulen har 229 elevar på 1.-7. trinn.
Skattebøl skule er ein 1- 4 skule med 32 elevar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider. Personalet er innovative og har fokus på tilpassa opplæring.
Link til søknadsskjema :
Om arbeidsgiveren
ArbeidsgiverÅl kommune Skattebøl skuleSkattebøl skule er ein 1- 4 skule med 42 elevar, og frå hausten blir me fådelt med 3 klassar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider.
Om stillingen
Antall stillinger : 2AnsettelsesformFastProsent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentlig