Psykologspesialist i nevropsykologi
ArbeidsgiverAvdeling for rehabilitering, Helse Fonna HFStedTysevegen 64, 5416 Stord
Avdeling for rehabilitering har ledig 60 % vikariat for nevropsykolog frå dags dato til 04.09.2024. Psykolog under spesialisering i nevropsykologi og psykolog med interesse for nevropsykologi oppfordrast også til å søke. Vedkommande vil då få rettleiing av vår nevropsykolog.
Avdeling for rehabilitering er ansvarleg for tverrfaglege og spesialiserte rehabiliteringstenester til pasientar i Helse Fonna sitt opptaksområde. Vi har døgnpost (9 plassar), poliklinikk (poliklinikk for fysikalsk medisin, rehabilitering og HelseIArbeid) og terapeuttenester som gir tilbod til pasientar innlagt ved akuttpostane ved Stord sjukehus. Det tverrfaglege teamet ved avdelinga består av legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, nevropsykolog, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped, sjukepleiar og helsefagarbeidar.
Nevropsykologen utreiier og behandlar pasientar som har kognitiv svikt etter ervera hjerneskade. Nevropsykologen føl opp pasientar ved rehabiliteringsposten og på rehabiliteringspoliklinikken. Vi har testteknikkar som bistår nevropsykologen med testing. Elles har nevrospykologen tett samarbeid med ergoterapeutane og resten av det tverrfaglege teamet.
I avdelinga for rehabilitering har vi 1 nevropsykologstilling. Nevropsykologen vår har 60 % permisjon frå stillinga si, og vi har derfor behov for deltidsvikar. Dersom søkjar ønsker å kombinere vikarstillinga med 40 % jobb ved habiliteringsavdelinga eller ved nevropsykologisk poliklinikk i Helse Fonna, vil vi undersøke moglegheita for å få til dette.
Avdeling for rehabilitering er lokalisert ved Stord sjukehus. Stord kan by på flott natur, småbyliv og eit rikt sports- og kulturtilbod. Stord ligg midt mellom Bergen og Stavanger.
Avdelinga vår er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og det er mange dyktige og engasjerte medarbeidarar i det tverrfaglege teamet vårt. Bli betre kjent med oss på Instagram, "fysmedstord".
Velkommen til å søke på stilling hos oss!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 4795234329,
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Helse Fonna HF
Referansenr. : 4714671371
Stillingsprosent : 60%
Vikariat
Startdato : 13.11.2023
Sluttdato : 08.09.2024
Søknadsfrist : 29.10.2023
Om arbeidsgiveren
ArbeidsgiverAvdeling for rehabilitering, Helse Fonna HFAdresseTysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .
Om stillingen
Stillingstittel : Nevropsykolog 60 % vikariat Antall stillinger : 1Oppstart13. november 2023AnsettelsesformVikariatProsent60 %Heltid / deltidDeltidSektorOffentligArbeidsdagerUkedagerArbeidstidDagtid