Rovviltkontakt SNO - Tolga / Os
Arbeidsgiver9. Statens Naturoppsyn (SNO)StedTolga og Os kommune, 2540 Tolga
Om stillinga
Stillinga som rovviltkontakt, fast tilsett på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), gir deg høve til å jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor betydning for forvaltninga av store rovdyr. Stillinga er knytt til éin eller fleire kommunar, og du må ha god lokalkunnskap. Det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunnet elles. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir bestemt av den fagansvarlege for rovviltdokumentasjon i lokalt SNO. Oppgåvene skal løysast i tråd med fastsette instruksar og elles på den måten og i den prioriteten som SNO bestemmer.
Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit bierverv. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere varierande, styrt av hendingar og avhengig av behov. Vi strekar under at den enkelte arbeidstakaren sjølv må passe på at den samla arbeidsbelastninga i hovudarbeidsforholdet og arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.
Naturoppsynsmyndigheit er ikkje ein del av rolla som rovviltkontakt. Arbeidet krev god rolle- og aktørforståing og at ein følger policyen til arbeidsgivaren og HMS-reglementet som gjeld innanfor dei aktuelle arbeidsområda og oppgåvene. Rovviltkontakten har plikt til å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.
Stillinga sine hovudansvarsområde
Rovviltkontakten kan ved behov bli spurd om å ta på seg oppdrag utanfor kjernefunksjonen.
Hovudgeografien for denne stillinga Tolga og Os kommune.
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
Eigenskapar
Vi tilbyr
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er regionalt fagansvarleg i SNO, seniorrådgivar Eivind Faldet, tlf. 915 32 128 eller e-post eller seksjonsleiar Jan Paul Bolstad tlf. 950 60 608.
Oppgi referansenummer 53-2023 SRD når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på . Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i vår.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver9. Statens Naturoppsyn (SNO)AdresseGrensesvingen 7, 0661 Oslo
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.
For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Om stillingen
Stillingstittel : Rovviltkontakt SNO - Tolga / OsAntall stillinger : 1AnsettelsesformFastHeltid / deltidDeltidSektorOffentlig