Eg ser etter ein som kan hjelpe meg å koordinere assistent-gruppa
Hei, har du eit ynskje om ein jobb med meining, der du kan
gjære ein positiv forskjell i nokon sitt liv? Då kan dette være
stillinga for deg.
Ei livsglad og positiv dame i 60-åra søkjer etter nye assistentar.
Eg er på jakt etter ein assistent i inntil 60% fast stilling, som
kan jobbe dagtid og hjelpe med administrative oppgåver i
samråd med meg. Til dømes arbeidsplan / turnus, ferieavvikling,
oversikt over timeplan / avtaler, personalmøte, økonomi etc. Eg
kan skreddersy stillinga slik at den passar ein person som er
villig til å ta på seg det ekstra ansvaret. Vakter på kveld / helg
kan vere aktuelt.
I tillegg treng eg sommarvikarar i skoleferien, derav ein som kan
vere med meg på ei langhelg til Brighton 12.06-15.06.
Eg har nedsett funksjonsevne og sit i rullestol, men bur i eiga
leilegheit, og har bil med automatgir. Dermed treng eg hjelp til
dei fleste gjeremål i kvardagen, så du må være mine "armar og
bein". Nokre dagar er rolege, medan andre dagar kan være
travle.
Eg trivst godt i sosiale lag og likar å være aktiv. Har kajakk og
tandemsykkel med el.motor.
Nokre av oppgåvene hos meg er :
Eg ser etter deg som :
Eg kan tilby all nødvendig opplæring, og det krevst ikkje at du
har spesiell utdanning frå før. I tillegg kan eg tilby eit spennande
og godt arbeidsmiljø med meining.
Arbeidstid :
Stillingane gjeld arbeid på dagtid, kveld og helg. Stillinga er
fleksibel og kan dermed være ideell for studentar, og dei som vil
arbeide deltid.
Om du trur denne jobben kan passe for deg, så send gjerne inn
ein søknad. Søknadar blir vurdert fortløpande og dei aktuelle
søkjarane vil bli kontakta. Eg har ynskje om ein snarleg
oppstart.
Som • Stavanger, Rogaland, Norway