Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Overordna fagansvarleg sjukepleiar i helse og omsorg – prosjektstilling 100 %

Overordna fagansvarleg sjukepleiar i helse og omsorg – prosjektstilling 100 %

Seljord KommuneSELJORD, VESTFOLD OG TELEMARK, NORGE
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Overordna fagansvarleg sjukepleiar i helse og omsorg – prosjektstilling 100 %

ArbeidsgiverSeljord KommuneStedBrøløsvegen 13A, 3840 Seljord

Helse og omsorg i Seljord kommune skal etablere ei ny og spanande stilling! Er du opptatt av god opplæring, kompetanse, fagutvikling og innovasjon? Då kan denne prosjektstillinga vere noko for deg.

Vi søker etter ein engasjert person i 100% prosjektstilling som fagansvarleg sjukepleiar i inntil to år frå tiltreding i stillinga. Prosjektet inneber mellom anna å drive systematisk kompetanseheving saman med ulike faggrupper innan helse og omsorg. Du må ha evne til å sjå heilskapen på tvers av alle einingane. Stillinga er overordna og knytt til kommunalsjefens stab. Du vil vere ein viktig ressurs i teamarbeidet som jobbar for å skape ein berekraftig helse- og omsorgsteneste, også i framtida.

Det overordna og strategiske styringsverktøyet er Helse -og omsorgsplanen. Planen er politisk vedtatt og gjeld for 2022-2034. Kommunen jobbar for at helse og omsorgsnestene skal tilbys på Beste Effektive OmsorgsNivå (BEON). BEON- Prinsippet bygger på at kommunen bør tilby trinnvis opptrapping av pleie og omsorg for den enkelte, slik at flest mogleg kan bu trygt heime lenge som mogleg, samstundes som kommunen yter tenester så effektivt som mogleg. Fagsjukepleiar vil ha ei sentral rolle i å implementere kompetansehevande tiltak jf. strategisk kompetanseplan i helse og omsorg i Seljord kommune.

Seljord kommune har mål om å vere ein attraktiv arbeidsgjevar og ein lærande organisasjon. I helse og omsorg er det fokus på rekruttering, fagutvikling, behalde dei gode fagfolka og omdømmebygging.

Det er i 2023 etablert eit interkommunalt simuleringssenter og Seljord er vertskommune. Fagsjukepleiar vil vere ein del av eit interkommunalt simuleringsnettverk i Vest-Telemark.

Arbeidsoppgåver

  • kartlegge og systematisk legge til rette for kompetanseheving og fagutvikling i kommunen
  • Ha oversikt over kompetansebehov saman med einingsleiarane og kommunalsjef
  • Drive systematisk fagutvikling ved å etablere og leie fagnettverk, ha ei koordinerande rolle og stimulere til fagutvikling
  • Legge til rette for systematisk opplæring av nytilsette, oppfølging av studentar / lærlingar / elevar, sertifisering og resertifisering, internundervisningar
  • Legge til rette for at kommunen nyttar den fagkompetansen vi allereie har
  • Etablere ein felles kompetanseportal
  • Bidra med å auke kompetanse på bruk av velferdsteknologiløysingar inn i tenesta
  • Vere ein ressursperson i interkommunalt simuleringsnettverk
  • Ha tverrfagleg samarbeid med alle einingane i tenesteområdet, på tvers av tenesteområda i kommunen, interkommunalt og mellom forvaltningsnivå
  • Aktivt nytte styringsverktøy innan helse og omsorg
  • Levere på plan for implementering av fast overordna fagsjukepleiarstilling i varig drift utover prosjektperioden

Kvalifikasjoner

  • Autorisert sjukepleiar med brei klinisk erfaring ( minimum 2 år)
  • Ynskjeleg med kjennskap til kommunehelsetenesta, men det er ikkje eit krav
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Likar å jobbe og lede tverrfaglege team, skape gode relasjonar og er samlande
  • Evne til å sjå det overordna perspektiv med heilskaplege helse -og omsorgstenester
  • Trivast i ein travel jobbkvardag og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Nysgjerrig og engasjert med evne til å forankre og drive fram endringar
  • Formidlingsevne og gjennomføringsevne
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Tydeleg, strukturert og god på tidsplanlegging
  • Erfaring frå forbetringsarbeid / prosjektarbeid og prosjektleiing er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Ved vurdering av søknadane vil det bli lagt vekt på søkarens faglege og personlege føresetnad for å gjennomføre oppgåvene knytt til stillinga

    Vi tilbyr

  • 100% prosjektstilling i inntil to år frå tiltreding.
  • Dagstilling 37,5 t / veke
  • Spanande stilling kor du kan vere med å påverke og utvikle Seljord kommune sine satsingsområde innan helse og omsorg
  • Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverSeljord KommuneHjemmeside

    Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

    Om stillingen

    Stillingstittel : SykepleierAntall stillinger : 1OppstartEtter avtaleAnsettelsesformProsjektHeltid / deltidHeltidSektorOffentligArbeidsdagerUkedagerArbeidstidDagtid