- Søk jobber
- Norway
- Doktorgradsstipendiat
Doktorgradsstipendiat Jobber i Norway
Stipendiat i matematikk / matematikkdidaktikk - maskinlæring og kunstig intelligens i skolen
Høgskulen i VoldaVOLDA, MØRE OG ROMSDAL, NORGEDoktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen klesdesign og kostymedesign avd. Design
Kunsthøgskolen i OsloOSLO, OSLO, NORGEDoctoral Research Fellowship in Archaeology
Universitetet i OsloOSLO, OSLO, NORGEDoktorgradsstipendiat på sirkulær økonomi og klær (4 års engasjement), Forbruksforskningsinstituttet SIFO
OsloMet - storbyuniversitetetOSLO, OSLO, NORGEDoctoral scholarship holder in co-determination and the Norwegian working life model
OsloMet – Oslo Metropolitan UniversityOslo, NorwayDoktorgradsstipendiat
Helse Sør-øst RHFlørenskog, NODoctoral Fellow in Political Science
University of Agder (UiA)Kristiansand, NorwayStipendiat i matematikk / matematikkdidaktikk - maskinlæring og kunstig intelligens i skolen
Høgskulen i VoldaVOLDA, MØRE OG ROMSDAL, NORGE- Fjernarbeid
Stipendiat i matematikk / matematikkdidaktikk - maskinlæring og kunstig intelligens i skolen
ArbeidsgiverHøgskulen i VoldaStedJoplassvegen 11, 6103 Volda
Om stillinga
Høgskulen i Volda lyser ut ei 100 % stilling som doktorgradsstipendiat i matematikk / matematikkdidaktikk knytt til forskingsprosjektet «Programming for developing mathematical competencies». Stipendiaten vil vere med å forske på korleis undervisning og kompetanse knytt til maskinlæring og kunstig intelligens kan introduserast i skulen.
Ei stipendiatstilling er ei utdanningsstilling som skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling der målet er forskarutdanning og doktorgrad. Stipendiatstillingar er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.
Stipendiaten vert tilsett for tre år. Tidspunkt for oppstart blir avklara i tilsettingsprosessen.
Arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda. Noko reising, både til NTNU i Ålesund og NTNU i Trondheim samt andre stader må reknast med. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.
Eit vilkår for å starte i stillinga er opptak i doktorgradsprogram ved NTNU. Dokumentasjonen på opptak i doktorgradsprogrammet må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stipendiatstilling. Meir informasjon om doktorgradsprogrammet i Datateknologi og informatikk finnes .
Om prosjektet
I dette forskingsprosjektet vil du arbeide saman med masterstudentar, doktorgradsstipendiatar, forskarar og lærarar for å studere korleis ein kan inkludere programmering i matematikkundervisninga.
Programmering er i dei seinare åra inkludert i læreplanane i fleire land, også i Noreg, der programmering mellom anna er plassert i matematikkfaget. I arbeidet i denne stipendiatstillinga vil du vere med å forske på moglegheiter og utfordringar knytt til maskinlæring og kunstig intelligens i skulen. Dette kan inkludere tema som korleis data påverkar predikasjonar og modellar, kva etiske vurderingar ein må gjere i arbeid med og bruk av kunstig intelligens, og korleis kan ein vurdere føresetnadar og uvisse av maskinlæringsmodellar. Gjennom dette arbeidet får du vere med å bidra til kunnskap som vil vere viktig for vidare innføring av programmering i skulen.
Forskingsprosjektet ligg tett på praksis, og du vil ta del i utvikling av undervisningsmateriell og praksisar som skal bli evaluert opp mot kjerneelementa i læreplanen i matematikk. Vi søker derfor etter deg med interesse for kombinasjonen skule og undervisning, matematikk og programmering.
Kvalifikasjonar
Søkarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande innanfor matematikk, informatikk, realfag, lærarutdanning, lektorutdanning eller anna relevant mastergrad. Søkarar som har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute kan også vurderast. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT.
Elles må søkaren :
- ha god kjennskap til norsk skule
- ha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk
- ha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk
- kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- ha god kompetanse innan minst to av følgjande : matematikk, didaktikk og programmering
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Vi tilbyr
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på .
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Søknaden skal innehalde :
Skriv søknaden på norsk. Last opp vedlegg med attesterte omsettingar til engelsk eller eit skandinavisk språk i JobbNorge.
Kontakt
Nærmare opplysningar får du ved å kontakte
Andreas Brandsæter, prosjektleiar for «Programming for developing mathematical competencies» på e-post : , eller telefon : +47 47633851.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på
Om arbeidsgiveren
ArbeidsgiverHøgskulen i VoldaAdresseJoplassvegen 11, 6103 VoldaHjemmeside
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Om stillingen
Stillingstittel : Stipendiatstilling i matematikk / matematikkdidaktikkAntall stillinger : 1AnsettelsesformÅremålHeltid / deltidHeltidSektorOffentlig