Talent.com
This job offer is not available in your country.
Helsesekretær ved Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS

Helsesekretær ved Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS

Adecco SelectBergen, Vestland, Norge
18 days ago
Job description

Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS er ein avtalespesialistpraksis innan indremedisin, med hovudvekt på kardiologi. Me har avtale med Helse Vest. Praksisen består i dag av ein legespesialist og ein helsesekretær.

Vår noverande helsesekretær går av med pensjon i januar 2026, og me søkjer difor etter ein ny sekretær med oppstart og opplæring seinast i desember 2025.

Om stillinga

Som helsesekretær har du ei sentral rolle i den daglege drifta av praksisen. Du jobbar tett saman med legespesialisten og har ansvar for både administrative og kliniske oppgåver.

Du vil ha ansvar for dei fleste arbeidsoppgåvene ein helsesekretær vanlegvis utfører.

Dine hovudoppgåver

  • Dagleg drift og administrasjon av klinikken
  • Arbeid i resepsjon, telefonhandtering, timebestillingar og ventelister
  • Klargjering og vedlikehald av utstyr, inkludert vask og sterilisering
  • Utføring av EKG, blodtrykksmåling, langtidsregistreringar, pusteprøver og andrerelevante testar innan hjarte- og lungemedisin

Kven er du?

Me ser etter ein person som trivst med å jobbe sjølvstendig, og som er effektiv og strukturert i kvardagen.

Du har utdanning som medisinsk sekretær eller helsesekretær, og er trygg i rolla som ansvarleg for den daglege drifta av klinikken. Du kommuniserer godt med pasientar og har eit godt blikk for kva som må gjerast gjennom dagen for at klinikken skal fungere best mogleg.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning
  • God erfaring frå liknande rolle, anten frå privat eller offentleg legekontor
  • Gode datakunnskapar og gjerne kjennskap til Infodoc
  • Strukturert, effektiv og trygg i ei sjølvstendig rolle
  • Gode norskkunnskapar og evne til å skape tryggleik for pasientane
  • Hos Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS får du jobbe i ei sjølvstendig rolle med varierte og meiningsfulle oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

    Arbeidstid : Måndag til fredag kl. 08.00–15.30

    Arbeidsstad : Bergen sentrum – klinikken flyttar i januar 2026

    Søknadsfrist : Måndag

    Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med vår rådgjevar Katrine Nystøyl Sæther i Adecco Helse på tlf. eller e-post

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Og • Bergen, Vestland, Norge