Talent.com
This job offer is not available in your country.
Administrativ koordinator for medisinstudentar

Administrativ koordinator for medisinstudentar

ArbeidsplassenFørde, Vestland, Norge
7 days ago
Job description

Vil du vere med å legge til rette for framtidas legar?

Vi søkjer ein engasjert og strukturert medarbeidar til ei spanande 50% stilling som administrativ koordinator for medisinstudentar i praksis hjå oss.

Som koordinator, får du ei nøkkelrolle i å sikre at praksisopphaldet til medisinstudentane blir lærerikt og godt organisert. Du blir bindeleddet mellom utdanningsinstitusjonen Universitetet i Bergen, studentane, klinikkane og interne støttetenester. Du vil samarbeide tett med både fagmiljø og administrasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Informasjon og dialog med klinikkar / avdelingar, studentar og utdanningsinstitusjon
  • Organisere, fasilitere og administrere for det praktiske i samband med opphaldet
  • Mottak og oppfølging av studentane

Ein må rekne med at oppgåvene kan endre seg noko i takt med innføring av ny modell for medisinerutdanning (Vestlandslegen).

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (administrasjon, helse- og sosialfag, pedagogikk o.a), evt. tilsvarande erfaring som kan kompensere for utdanning.
  • Erfaring frå administrativt arbeid, gjerne innan helse eller utdanning
  • Gode ferdigheiter i digitale verktøy og system
  • Erfaring med koordinering, planlegging og oppfølging av prosessar
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
  • Personlege eigenskapar

  • God organisasjonsforståing og evne til å halde oversikt
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og evne til å samarbeide
  • Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
  • Serviceinnstilt og trygg
  • Vi tilbyr

  • Ei meningsfull rolle med direkte påvirkning på studentane si oppleving og læring
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Moglegheit til å utvikle deg fagleg og bidra til fremtida si helseteneste
  • Lønn etter avtale
  • Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Guro Vik Kvalsund, Seksjonsleiar, (+

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2

    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon

    Arbeidsgivar : Helse Førde

    Referansenr. :

    Stillingsprosent : 50%

    Engasjement

    Startdato : Sluttdato :

    Søknadsfrist :

    Seksjonsleiar

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vesta RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Koordinator • Førde, Vestland, Norge