Sula kommune
Vernepleiar - Sjukepleiar- Miljøterapeut.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig : Jetmundgarden :
4 x 100% fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
1 x 83 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar / sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
Geilneset :
1x 100% fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar / sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter / dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.
Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansatte funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne. Geilneset 9 er eit avlastningstiltak for born og unge.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di.
Kvalifikasjoner :
Personlige egenskaper :
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr :
Sjukepleiar Vernepleiar • langevåg, NO