Talent.com
This job offer is not available in your country.
Kokk / arbeidsleiar

Kokk / arbeidsleiar

ArbeidsplassenSand, Rogaland, Norge
13 days ago
Job description

Om stillinga

Suldal sjukeheim har ledig 100 % fast stilling som kokk / arbeidsleiar ved kjøkken. Kjøkkenet vårt produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg. Kjøkkenet har drift alle dagar heile året og arbeider i turnus med arbeid kvar tredje helg. Me har vakter på dagtid og moglegheit for langvakt på helg.

  • Stilling storleik : 100 %
  • Stillingstype : Fast
  • Stilling ledig frå :

Ved intern omrokkering kan anna stilling bli tilbydd.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasientar, samt ein del til utbringning
  • Reinhald av kjøkken og utstyr
  • Anna førefallande arbeid, mellom anna noko utkøyring av mat
  • Kompetanse

  • Me søkjer deg som er utdanna kokk
  • Det er ein fordel om ein har erfaring frå institusjonskjøkken og leiing
  • Kvalifikasjonar

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
  • Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg
  • Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedrifthelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentleghetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
  • Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Des meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Velkommen som søkjar

    Velykkast til søknaden og me ser fram til å høyra frå deg!

    Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heim for innbyggjarar som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Inom fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen. Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Kokk • Sand, Rogaland, Norge