Talent.com
This job offer is not available in your country.
Matvert Spisestua 16%

Matvert Spisestua 16%

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
21 days ago
Job description

Helse Bergen søker engasjerte og dyktige matvertar til teamet vårt og har ledig følgande stillingar :

16% fast stilling med arbeid kvar fjerde helg og ein kveld ca annankvar veke. Denne stillinga er kun kveldsarbeid.

Arbeidstid er ukedager og lørdag og søndag .

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking visar at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.

Matstovene er open frå kl. 07 : 00-21 : 30 alle dagar. Her ønskjer vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 21 matstover, 10 matstover i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 5 i Glasblokkene, 1 på Nordås og 1 i Sandviken.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner : Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kjøkken / kantine : Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
  • Kjennskap til IK-mat : Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
  • Gode IT-kunnskapar : Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
  • Matfagleg interesse : Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
  • Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkel pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
  • Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er : "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Arve Haga, Seksjonsleiar,

    Åge Nilsen, Leiar / fagleiar

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon

    Arbeidsgivar : Helse Bergen HF

    Referansenr. :

    Stillingsprosent : 16%

    Fast

    Startdato : Søknadsfrist :

    Seksjonsleiar

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Matvert Spisestua 16 • Bergen, Vestland, Norge