Er du interessert i gode menneskemøte i kombinasjon med praktisk arbeid som gjer ein skilnad for andre? Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ledig 80% stilling som kyrkjetenar / gravplassarbeidar, med arbeidsstad i Os sokn. Stillinga er eit vikariat fram til 1.juni 2026.
Som kyrkjetenar har du ein viktig vertskapsrolle for gravferder, vigsler, konserter og gudstenester i Os og Nore Neset kyrkje. Her er godt team-arbeid med prest, organist og andre medarbeidarar ein nøkkel. Du får oppgåver og ansvar innanfor enkel teknikk, praktisk tilrettelegging, branntryggleik og liknande. Ikkje minst er du med på å ta alle som kjem til kyrkja i mot på ein god måte. Det er eit godt fagfellesskap med andre kyrkjetenarar og gravplassarbeidarar i Os sokn. Du må rekne med ein arbeidsturnus med vakt kvar tredje helg, og etter oppsett plan i samband med kyrkjelege høgtider.
Som gravplassarbeidar deltek du i vedlikehald og stell av gravplassar og kyrkjegardar, samt førebuing til gravferd og andre forefallande oppgåver. Du får naudsynt opplæring og vegleiing, og blir del av eit positivt arbeidslag. Gode praktiske dugleikar og evne til sjølvstendig arbeid og problemløysing kjem deg til gode i denne rolla.
Arbeidsstad er primært Os sokn, som har 2 kyrkjer og 3 gravplassar. Driftsedelen du blir ein del av har òg oppgåver i Fusa sokn (4 kyrkjer, 1 kapell og 8 gravplassar). Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd består av Os og Fusa sokn og har 6 kyrkjer, 1 kapell, 11 kyrkjegardar / gravplassar og 28 tilsette. Tunet kyrkje- og kultursenter huser kontorar, aktivitetslokalar, lunsjrom og arbeidsfellesskap på Os-sida av kommunen. Os kyrkje er ei listeført trekyrkje frå 1870 sentralt på Osøyro, medan Nore Neset kyrkje vart innvigd i 2000. I 2025 utførast utviklingsprosjekt på Nore Neset kyrkjegard som utvider kapasiteten for urnegravar og namna minnelund.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Merk dessutan :
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Kenneth Molland, driftsleiar,
Arbeidsstad
Øyro 49, 5200 Os
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Referanse :
Stillingsprosent : 80%
Vikar
Søknadsfrist : #J-18808-Ljbffr
Gravplassarbeidar • Osøyro, Vestland, Norge