UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for designer det ledig ei åremålsstilling / ekstraerverv for 4 år, som førsteamanuensis (20%) i interiørarkitektur. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver / forskingsområde :
Vi søkjer ein førsteamanuensis II til undervisning i interiørarkitektur, med fokus på transformasjon og ombruk. Å transformere og bruke om igjen eksisterande bygningar, materialar og rom blir stadig viktigare, og dette krev at vi utviklar eit meir medvite forhold til bruk og gjenbruk av ressursar. Ved Institutt for design ønskjer vi å tilpasse undervisinga til desse realitetane og gi studentane relevant kompetanse innan ombruk og transformasjon, samt bevaring og fornying av eldre bygningsmasse.Vi søkjer ein erfaren kandidat som kan tilføre profesjonell innsikt og fagleg tyngd til fagfeltet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
Til stilling som førsteamanuensis II vert det kravd doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid innan interiørarkitektur, eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet.
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning / rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her . Kravet om dokumentert utdanningsfagleg kompetanse kan i særlege tilfelle fråvikast.
Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær.
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Fungerande instituttleiar Gustav Kvaal, e-post :
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
#J-18808-Ljbffr
Ii 20 Ved Institutt • Bergen, Vestland, Norge