Pedagogisk leiar / barnehagelærar i Gol barnehage
Gol barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar / barnehagelærar frå november 2025.
Golbarnehage er felles overordna organisering av dei tre kommunale barnehagane; Breidokk barnehage med eiga naturavdeling, Vesterhuset barnehage og Herad barnehage. Alle tre barnehagane har 4 eller 5 avdelingar for barn i alderen ca. 1 – 5 / 6 år. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.
I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt, Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Innhald i stillingane : Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på «sin» avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar / assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog.
Send søknad :
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida :
#J-18808-Ljbffr
Pedagogisk Barnehage • Gol, Viken, Norge