Oversikt
Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringjevikarar!
Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsoppleving prega av samhald, tryggleik og moglegheit å få arbeidserfaring. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i klepphallen, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading. Vi ønskjer at du har moglegheit til å jobba kveldar og helgar, gjerne på kort varsel.
Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringjevikar vil du vere ein del av vårt fasta turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt. Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinera fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje!
Me håpar du skriv ein søknad snarast slik at du er på plass før sesongstart i midt av august.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom / når det er behov for fleire vikarar.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på blant anna avvent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Thor Gunnar Bore,
Arbeidsstad
Stasjonsvegen 26A, 4350 Klepe
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Klepp kommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 0%
Søknadsfrist : Om Klepp kommune
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
#J-18808-Ljbffr
Ringjevikar Badevakt • Kleppe, Rogaland, Norge