Om stillinga
Vi har ledig ei fast 100 % stilling som assisterande fylkeslege. Stillinga er plassert i seksjon for helse, med kontorstad i Molde. Seksjonen er del av verksemdsområdet sosial berekraft og blir leia av fylkeslegen. Du vil inngå i eit tverrfagleg og engasjerande arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort samfunnsengasjement. Vi har to assisterande fylkeslegar i embetet. Statsforvaltaren er registrert utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin.
Om stillinga
Som assisterande fylkeslege vil du bidra med medisinskfaglege vurderingar på tvers av seksjonar. Du får jobbe med samfunnsaktuelle saker og utvikle kompetanse innan både samfunnsmedisin og helsejuss. Arbeidet skjer i team og på dagtid, utan vaktordning.
Hovudarbeidsområde
Du vil få varierte oppgåver knytt til Statsforvaltaren sine oppdrag frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Døme på oppgåver :
Det kan også bli aktuelt med kursaktivitet og undervisning. Noko reiseverksemd må påreknast, men vi har ei policy som legg til rette for digitale møtepunkt.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har :
Det er ønskeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå offentleg forvaltning. Du må kunne sikkerheitsklarerast.
Personlege eigenskapar
Hos oss får du
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen. Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon Norge .
Søknadsfrist : 12. oktober 2025
#J-18808-Ljbffr
Assisterande • Molde, Møre og Romsdal, Norge