Talent.com
This job offer is not available in your country.
Leiar for skulefritidsordning

Leiar for skulefritidsordning

Sandane skule, Gloppen kommuneSANDANE, VESTLAND, NORGE
30+ days ago
Job description

Leiar for skulefritidsordning

ArbeidsgiverSandane skule, Gloppen kommuneStedGrandavegen 9, 6823 Sandane

Sandane skule er ein barneskule i Gloppen kommune. Skulen er ein to-parallell skule frå 1. til 7. trinn med omlag 270 elevar og 42 tilsette.

SFO har rundt 80 elevar frå 1. til 4. trinn.

Vi søkjer etter ny leiar for SFO i 100% fast stilling frå 01.01.2024.

Arbeidsoppgåver

  • Sette opp arbeidsplan for dei tilsette på SFO
  • Planlegge innhaldet i SFO saman med dei andre tilsette.
  • Leie samarbeids-og utviklingsmøter for SFO.
  • Ha tett kontakt og samarbeid med leiinga på skulen.
  • Leie og utvikle SFO etter lover, forskrifter og planar.
  • Legge til rette for god kommunikasjon med foreldre og føresette.
  • Ta del i skulen sitt leiarteam. Tal elevar i SFO avgjer kor stor del leiarfunksjonen utgjer.
  • I stillinga kan det og bli aktuelt å arbeide med ulike oppgåver inn i skulen.

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning, fagbrev i barne -og ungdomsarbeidarfaget eller tilsvarande relevant utdanning.
  • Du må ha evne til å leie andre og skape positivitet rundt arbeidsoppgåvene.
  • Ha kunnskap og forståing for behov hos barna, og sette samarbeid med andre høgt.
  • Du bør vere kreativ og løysingsorientert.
  • God på kommunikasjon, relasjonsbygging, stabilitet og fleksibilitet.
  • Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

    Kontaktinformasjon

    Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, +47 913 31 262

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9

    6823 SANDANE

    Nøkkelinformasjon :

    Arbeidsgivar : Gloppen kommune

    Referansenr. : 4716141013

    Stillingsprosent : 100%

    Fast

    Startdato : 01.01.2024

    Søknadsfrist : 05.11.2023

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverSandane skule, Gloppen kommuneHjemmeside

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.

    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.

    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Om stillingen

    Stillingstittel : Leiar for skulefritidsordningAntall stillinger : 1Oppstart1. januar 2024AnsettelsesformFastProsent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentligArbeidsdagerUkedagerArbeidstidDagtid