Oversikt
Ung mann på 28 år søkjer assistentar til heilt ny BPA-ordning på Nærbø. Eg er ein rastlaus og sosial kar som likar å kome meg ut på ting. Eg har eigen bil og set pris på at assistenten køyrer bilen og er med til aktivitetar. Eg går på handball fast ei veke og ønsker at du som assistent kan fylgja meg her. Det vil nokre helger vere kampar eg treng følgje til. Dei andre timane i veka håpar eg me kan finna kjekke aktivitetar saman. Det kan vere alt frå å spele FIFA heime, til enkelt husarbeid eller andre aktivitetar me blir einige om.
Eigenskapar : Eg kan sjølv vere impulsiv, så eg treng ein assistent som kan hjelpe meg å strukturere kvardagen. Fysioterapeuten seier eg bør gå tur og trene. Eg treng ein assistent som kan hjelpe meg over dørstokken. Det er også fint om du er utadvendt og likar å vere ute samansett med andre.
Arbeidstid :
Stillingsprosent : Me ser føre oss ca. 24,41 % med arbeid kvar tredje helg og ein kveld i veka. Ettermiddagar 17 : 00-21 : 00. Helg 15 : 00-22 : 00. Me ser føre oss tre stillingar og har også behov for tilkallingsvikarar.
Ansvarsområde
Kvalifikasjonar
Attestar, vitnemål og tilsetjingsvilkår
Vi ber om at du lastar opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden. Utenlandske vitnemål må vere godkjende av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og utanlandske attestar må vere oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema : Søk her
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. Hå kommune si visjon er "Me løftar i lag". Våre verdiar er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisere seg med vår visjon og verdiar.
#J-18808-Ljbffr
Brukerstyrt Personlig Assistent • Nærbø, Rogaland, Norge