Talent.com
This job offer is not available in your country.
Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar

ArbeidsplassenVaksdal, Vestland, Norge
22 days ago
Job description

Heimetenesta i Vaksdal kommune har ledig 50% fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga kan utvidast med timebank om ønskeleg.

Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Hos oss er det korte avstandar mellom kollegaer, både fagleg og menneskeleg, og vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit og støtte står sentralt.

Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi jobbar tverrfagleg, og du vil bli ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi den beste hjelpa – der folk bur og lever liva sine.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Hjelp til daglege gjeremål
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
  • Søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert. Skriv gjerne i søknad dersom du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
  • Førarkort klasse B er eit krav for stillingane i heimetenesta

Personlege eigenskapar

  • Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.
  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Me tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

    Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal legge til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime.

    Det gjer me gjennom å legge til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Arbeidsoppgåver er mellom anna : Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Helsefagarbeidar • Vaksdal, Vestland, Norge