Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ), er det ledig 5 faste stillingar som politibetjent 3 / 2 / 1 (stillingskode 1461 / 1459 / 1457) med funksjon som etterforskar av U-18 saker i Hurtigsporet. 3 av dei utlyste stillingane er knytta til Avsnitt for kriminalitetsførebyggjande i Bergen sentrum politistasjonsdistrikt, 1 stilling er knytta til førebyggjande i Bergen nord politistasjonsdistrikt og 1 stilling er knytta til førebyggjande i Bergen Vest politistasjonsdistrikt.
GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt : Bergen sør politistasjonsdistrikt, Bergen nord politistasjonsdistrikt, Bergen vest politistasjonsdistrikt, Askøy og Øygarden politistasjonsdistrikt og Bergen sentrum politistasjonsdistrikt. Bergen sentrum politistasjonsdistrikt består av 5 politipatruljeavsnitt, Avsnitt for etterforsking, Avsnitt for kriminalitetsførebyggjande. I tillegg består eininga av Seksjon for vald- og seksuelle overgrep og Seksjon for innsatsleiing og operativ planlegging.
Hurtigsporet er eit tett samarbeid mellom politi, påtale, domstol og kriminalomsorgen for ein hurtigare saksbehandlingstid av straffesaker for gjerningspersonar under 18 år. Sakane skal prioriterast høyt og påtaleavgjerast innan 42 dagar.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Me ser etter motiverte personar som er interesserte i å møta utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ein kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom sine holdningar og handlingar i sitt daglege arbeid.
Evne til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vurderinga av kandidatar vil vi særleg leggja vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å være kvalifisert :
Det er også ønskjeleg med :
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Stillinga blirløna som politibetjent 3 med funksjon som etterforskar, SKO 1461, frå kr 640.000,- brutto per år.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å skriva eit kort søknadsbrev, registrera utfyllande CV og leggja ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Generell informasjon
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
#J-18808-Ljbffr
Med Som Etterforsker • Bergen, Vestland, Norge