Om stillinga
Bjørgvin fengsel Ungdomseining Vest søkjer 3 fengselsbetjentar til fast stilling snarast.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette si tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og sakshandsaming. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. I tillegg skal fengselbetjenten vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Ved Bjørgvin fengsel Ungdomseining Vest får du høve til å jobba med eit spennande sonings- og varetektsstilbu til born under 18 år. Tilbodet byggjer på eit tverretatleg samarbeid og tek sikte på eit intensivt endringsarbeid, slik at mest mogleg av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel. Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar som barnevern, psykisk helsevern, utdanning / opplæring og kommunal tenesteyting. I kraft av å vere eit nasjonalt soningstilbod, inkluderer innsettgruppa ungdommar frå heile landet. Det må difor påreknast noko reiseverksemd.
Stillinga inneber turnusarbeid, med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
Utdanning og erfaring
Du må ha
Det er ønskeleg at du
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekke søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Inspektør Ungdomseininga Arne Hægland tlf :
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på .
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er : tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
#J-18808-Ljbffr
Fengselsbetjent • Bergen, Vestland, Norge