Talent.com
This job offer is not available in your country.
Seksjonssjef

Seksjonssjef

NOKUTOslo, NO
30+ days ago
Job description

Vi søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar for HR-seksjonen. Som HR-sjef vil du leie HR-seksjonen og få ei sentral rolle i å sikre at HR-prosessane støttar opp under NOKUT sine mål og strategiar. Du vil få ansvar for å leie HR-seksjonen med tre medarbeidarar, som handterer eit breitt spekter av oppgåver. Du skal fylle både ei strategisk og ei operativ rolle, og vere ein pådrivar i vidare organisasjonsutvikling. Du vil jobbe tett på organisasjonen, og ha ei sentral rolle i samarbeid med leiinga og fagforeiningane. Stillinga inngår i leiargruppa i administrasjonsavdelinga. Seksjonen forvaltar og utviklar felles HR-prosessar og retningslinjer på området, mellom anna innan rekruttering, lønns- og personalpolitikk, kompetanseutvikling, HMS, og støttar leiarane i den daglege personalleiinga deira. Seksjonen deltek aktivt i utviklinga av NOKUT sin organisasjon, medrekna aktivitetar innan kultur, leiing og kompetanseutvikling. I tillegg forvalta seksjonen NOKUT sitt arbeidsgjevaransvar saman med administrasjonsdirektøren, og samarbeidet med arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta / AMU.Arbeidsoppgåver Fag- og personalansvar, samt budsjett- og resultatansvar Sørgje for effektiv og profesjonell forvaltning og vidareutvikling av NOKUT sine HR-prosessar Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og gjennomføre forhandlingar og drøftingar etter avtaleverket Delta aktivt i utviklingsarbeid, medrekna digitalisering og utbetringar av kultur- og prosessar Vere ein pådrivar og tilretteleggjar for organisasjonsutvikling, og følgje opp HR-strategi og -planar Vidareutvikle personaladministrative støttefunksjonar Organisasjonsutvikling, leiar- og kompetanseutvikling, verksemdsplanlegging og omstillingsprosessar Kvalifikasjonar Naudsynte kvalifikasjonar : Høgare relevant utdanning og erfaring med tilsvarande oppgåver i offentleg og / eller privat sektor Solid HR-fagleg kompetanse, både frå HR-drift og utviklingsarbeid God kunnskap om lov- og avtaleverk i staten Gode leiareigenskapar og interesse for personalleiing Kan kombinere strategisk leiing med operativ gjennomføring God formuleringsevne, skriftleg og munnleg Ønskelege kvalifikasjonar : Relevant juridisk kompetanse eller erfaring Kjennskap til statleg verksemd og staten si lønns- og personalpolitikk Interesse for og / eller erfaring med digitale verktøy og utvikling Forhandlingsteknikk og erfaring frå forhandlingar Erfaring med personalleiing er ein fordel Personlege eigenskapar Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne Evne til å motivere til kontinuerleg utvikling, utbetring, læring og kunnskapsdeling Analytisk og resultatorientert Robust og stor arbeidskapasitet Initiativrik, fangar opp utviklingstrendar og er endringsorientert Vi vektlegg personleg eignaheit. Vi tilbyr Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling Ei utviklande og utfordrande stilling i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag Ein kvardag prega av eit breitt spekter av ansvarsområde Lønn etter kvalifikasjonar som Seksjonssjef frå – . For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast Medlemskap i Statens pensjonskasse Høyrest dette ut som noko for deg? Då ønskjer vi å ha deg med på laget! Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om stillinga kan du ta kontakt med Capus ved partner Grete Andersen på telefon 37 eller partner Kristine Sandstå på telefon 29 . Andre forhold Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, redusert funksjonsevne og hol i CV. Opplysingar om dette kan brukast til registreringsformål. Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på den offentlege søkjarlista må dei grunngje ønsket. NOKUT kan gjere opplysningar om søkjarar offentleg sjølv om dei sjølve har bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje, jf. offentleglova § 25.

Create a job alert for this search

Seksjonssjef • Oslo, NO