Ved Jotunheimen, der tradisjon, matkultur og fjellro møtes, ligg Brimi Sæter. Vi ser etter ein dagleg leiar som vil vera med å finjustere tannhjula våre og gjera oss til ein endå betre destinasjon.
Dagleg leiar Brimi Sæter
Ved enden av Tessevatnet, med Jotunheimen som majestetisk bakteppe, ligg Brimi Sæter – ei levande seter og ei opplevingsperle for alle som set pris på gode og ekte opplevingar. Her driv vi gardsdrift med ost- og kjøtproduksjon, og vi foredlar det mestesjølve.
Vi brenn for lokal mat, formidling og ekte opplevingar – og inviterer folk til sæters for å oppleve noko av det mest genuine Noreg har å by på.
Brimi Sæter har dei siste 10 åra utvikla seg til ei solid bedrift og ein føretrekt destinasjon for mange.
Nå ser vi etter ein dagleg leiar som deler vårt engasjement – og som i lag med engasjerte eigarar vil bidra med å utvikle Brimi Sæter vidare.
Som dagleg leiar får du ansvar for heilskapen – og å vera med og forme framtida vår. Du skal sikre økonomisk styring gjennom budsjett og kalkylar, ha personalansvar og sørgje for god rekruttering. Du skal planleggje og organisere produksjon, sesongdrift og arrangement. Noko involvering i marknadsarbeid og SoMe. HMS og IK-mat er også naturlege delar av rolla.
Stillinga rapporterer til styret. I høgsesong tel teamet om lag 25 medarbeidarar, medan 5–6 er faste gjennom året. Rollen er både operativ og strategisk; du må vere strukturert og oversiktleg, men også til stades. Vi trur at du er engasjert og god til å motivere og samle folk.
Vi søkjer deg som har leiarerfaring med personalansvar, kanskje også bakgrunn frå reiseliv eller opplevingsbasert verksemd.
Praktisk informasjon :
Brimi Sæter ligg idyllisk til i Brimiland – ved enden av Tessevatnet, eit steinkast frå Jotunheimen nasjonalpark.
Oppstart snarast, eller etter avtale.
Er du klar for utfordringa?
Hvis du kjenner deg att i beskrivelsen, håpar vi du tek kontakt. Kanskje det er du som skal leie Brimi Sæter inn i neste kapittel!
Send inn din søknad via lenke på sida. For spørsmål om stillinga, kontakt Knut Nyhagen på tlf. . For meir informasjon om selskapet, sjå
Send søknad og CV via «Søk her» knappen.
Søknadsfrist : #J-18808-Ljbffr
Dagleg Leiar • Norge