Talent.com
This job offer is not available in your country.
Jordmor 100% fast stilling

Jordmor 100% fast stilling

Gynekologisk og føde seksjon Stord, Helse Fonna HFSTORD, VESTLAND, NORGE
30+ days ago
Job description

Jordmor 100% fast stilling

ArbeidsgiverGynekologisk og føde seksjon Stord, Helse Fonna HFStedTysevegen 64, 5416 StordSeksjonen er ei kombinert føde / barsel / gyn avdeling / poliklinikk og har ca 430 lågrisikofødslar i året og 5 gynekologiske senger. Som jordmor hos oss får du ein variert arbeidskvardag, i ei til tider travel, men triveleg avdeling. Søkjar må være sjukepleiar i bunn. Stillinga er tredelt og inkludert helg. Andre stillingsstorleikar kan bli ledige. Skriv i søknaden om dette er av interesse.

Arbeidsoppgåver

  • Vi selekterer i forhold til normal- og risikofødslar i avdelinga. Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar.
  • Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar er også del av oppgåvene.
  • Tverrfagleg samarbeid er viktig for god kvalitet på vårt arbeid.
  • Studentrettleiing er også ei naturleg oppgåve i avdelinga, då vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
  • Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Ha respekt for den enkelte pasient
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Mangfaldserklæring

    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Isabel Solvang Tofte, Seksjonsleiar, (+47) 47826086

    Arbeidsstad

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    Nøkkelinformasjon :

    Arbeidsgivar : Helse Fonna HF

    Referansenr. : 4717478765

    Stillingsprosent : 100%

    Fast

    Startdato : 08.01.2024

    Søknadsfrist : 29.10.2023

    Om arbeidsgiveren

    ArbeidsgiverGynekologisk og føde seksjon Stord, Helse Fonna HF

    Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .

    Om stillingen

    Stillingstittel : JordmorAntall stillinger : 1Oppstart8. januar 2024AnsettelsesformFastProsent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentlig