Om stillinga
Vi lyser ut faste stillingar som psykologspesialist / psykolog, og søker fleire engasjerte medarbeidarar som vil bidra til å vidareutvikle tilbodet vårt ved DPS poliklinikk for psykisk helsevern i Ålesund.
Poliklinikken består av sju behandlarteam. Eit gruppebehandlingsteam, eit ROP team og fire til dels spissa allmennteam. Vi har også eit nyoppretta Tidleg Avklaringsteam som møter pasientar tidleg etter henvisning og tilbyr fleksibel oppfølging i etterkant. Allmennteama våre består av to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Vi har stor bredde innan behandlingstilnærmingar. I haust starta vi prosessen med å utvide tilbodet vårt med B4DT (fire dagars behandling for angstlidingar). Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal, har dei siste ni månadane prøvd ut Kunstig Intelligens til hjelp i journalskriving. Med gode erfaringar. Vi har 15 spesialistar innan psykologi og psykiatri.
Stillingane er i allmennteama og blir ledige frå november.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Adresse : Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen
Seksjonsleiar
E-post : Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
#J-18808-Ljbffr
Psykolog Psykologspesialist • Ålesund, Møre og Romsdal, Norge