Økonomiavdelinga - Rekneskapskonsulent - eitt års vikariat
Seljord Kommune Sentraladministrasjon
Vi søker etter ein rekneskapskonsulent til eit vikariat på inntil eitt år i 100 % stilling. Stillinga tilhøyrar økonomiavdelinga og er leia av økonomisjefen. Vi søkjer etter ein person med økonomifagleg utdanning på minimum bachelornivå. Det er ønskjeleg med god kjennskap og erfaring frå økonomi og rekneskapsarbeid, helst frå kommunal sektor. Den som blir tilsett må vere sjølvstendig, ryddig, effektiv, fleksibel og løysingsorientert med gode evner til samarbeid. Vedkomande må vere serviceinnstilt, analytisk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Dei personlege eigenskapane som nemnt over vil bli vektlagd. Det er ynskjeleg med tilsetting så raskt som råd.
Hovudarbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
For den rette personen vil dette vere ein variert og spennande jobb ein kan utvikle seg i.
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
#J-18808-Ljbffr
Økonomikonsulent • Seljord, Vestfold og Telemark, Norge