Vil du ha ein meiningsfull ekstrajobb?
Har du lyst til å bruke ferie – eller ledige dagar elles i året – på å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, meistring og omsorg? Time kommune søkjer no engasjerte tilkallingsvikarar innan psykisk helse og rus.
Hos oss får du :
Verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid
Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Moglegheit til å bidra til at menneske får ein trygg og meiningsfull kvardag
Me kallar inn til intervju fortløpande – så ikkje vent med å søke!
Slik søker du :
Skriv i søknaden kva for ei avdeling du ønskjer å jobbe ved – og gjerne kvifor
Oppgi om du søker som helgestilling, tilkallingsvikar – eller begge deler
Merk om du ønskjer å jobbe dag / kveld / natt / langvakt.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.
Våre avdelingar :
Rørvika omsorgsbustadar
Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og / eller kognitiv svikt.
Turnus : dag / kveld / natt / langvakt
Kontakt : avd.leiar Bjørg Bø McDowell, tlf.
Svertingstad / Kolheia bufellesskap
Svertingstad : Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding
Kolheia : Bufellesskap for menneske med psykiske lidingar
Turnus : dag / kveld / natt / langvakt
Krav : førarkort klasse B (manuell) og alder over 18 år
Kontakt : avd.leiar Astri Rosland, tlf.
Meistringssenteret
Gir oppfølging til menneske med utfordringar innan psykisk helse og / eller rus.
Krav : førarkort klasse B (manuell) Kontakt : avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf.
Svendsenhuset
Dag- og aktivitetssenter som tilbyr eit variert aktivitetstilbod for personar over 18 år.
Krav : søkar må vere over 18 år
Kontakt : avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf.
Dette er jobben for deg som er engasjert, fleksibel og ønskjer å bidra til eit varmare samfunn.
Arbeidsoppgåver
Som vikar skal ein vere med å gi nødvendig helsehjelp og stell etter dei retningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.
Kvalifikasjonar
Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel :
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og / eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og / eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Astrid Rosland, Avdelingsleder
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 30
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Time kommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 0%
Anna
Søknadsfrist :
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
#J-18808-Ljbffr
Og Og • WorkFromHome, Rogaland, Norge