Oversikt
Hos oss får du ein viktig jobb i eit føretak med eit tydeleg samfunnsoppdrag. Du vil få stort ansvar, utviklingsmoglegheiter og bli ein del av eit av Noregs største fagmiljø innan offentlege anskaffingar. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med pensjon og trygging, fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og moderne lokale med kantine- og treningsfasilitetar.
Ansvarsområde
Som prosjektleiar får du ansvar for å leie og gjennomføre anskaffingsprosjekt, frå behovskartlegging til kontraktsinngåing og implementering. Du bidreg til at avtalane blir tekne i bruk i sjukehusa og til at gevinstane blir realiserte. Rolla inneber også å gi faglege råd og rettleiing, og delta i utvikling av kategoriar, prosessar og kompetanse internt i føretaket.
Stillinga er knytt til divisjonen for medisinteknisk utstyr og laboratorieprodukter, med kontorstad i Bergen eller Stavanger. Sjukehusinnkjøp HF har kontor over heile landet og meir enn 300 medarbeidarar. Vi inngår og følgjer opp avtalar på varer og tenester til norske sjukehus, og jobbar tett med fagmiljøa i spesialisthelsetenesta for å finne gode løysingar for pasientbehandlinga. Vi er eit ambisiøst anskaffings- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å forbetre prosessane våre, med fokus på innovasjon, miljø og samfunnsansvar.
Om oss
Vi arbeider tett med fagmiljøa i spesialisthelsetenesta for å finne gode løysingar for pasientbehandlinga. Stillinga er knytt til divisjon vår for medisinteknisk utstyr og laboratorieprodukter, og kontorstad er i Bergen eller Stavanger.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein ansvarsfull og sjølvstendig person som tek initiativ og evnar å leie prosessar. Du samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og er løysingsorientert og fleksibel. Rolla krev også at du evnar å sjå heilskapen og bidreg med kompetansedeling og godt humør i ein organisasjon i endring.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Denne annonsen er på nynorsk – men hos oss i Sjukehusinnkjøp HF kan du bruke begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.
Tilsetteutvelging og søknad
Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte blir kalla inn til intervju. Vi har vanlegvis to intervjurundar, med kontroll av attestar og referansar og bruk av arbeidspsykologiske testverktøy. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadane sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.
Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring må du oppgi grunngjeving når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta dersom søknaden ikkje blir innvilga, og få høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglova §25.
#J-18808-Ljbffr
Prosjektleder • WorkFromHome, Vestland, Norge