Vil du leie eit miljø innan bygg, plan og anlegg på Vestlandet? Nordplan er i stor vekst, med fleire nye prosjekt, kundar og flinke folk på laget. No treng vi deg som regionsleiar for å løfte både folka, kontora og kundane våre vidare. Regionen er dei tidlegare fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.
Vi ser etter deg som både har strategisk blikk og er tett på kvardagen. Du er tydeleg, løysingsorientert og evnar å skape engasjement rundt deg.
Du kommuniserer godt med både kollegaer og kundar, og du likar å bygge relasjonar som varer. Du trivst med personalansvar, samstundes som du bidreg fagleg i prosjekt. Vi ser etter deg som vil vidareutvikle Nordplan på Vestlandet, og som motiverast av å bygge lag, utvikle talent og vere eit synleg ansikt for selskapet i regionen. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar :
Du har høgare utdanning innan byggjeteknikk eller relaterte fagområde
Du har god marknads- og forretningsforståing, samt erfaring frå bransjen
Du har erfaring og interesse for leiing, og trivast godt med personalansvar
Som regionsleiar blir du ein nøkkelperson i Nordplan. Du vil leie og utvikle regionen i tett samarbeid med kollegaene dine, samtidig som du har ansvar for å sikre gode resultat. Region Vestland har kontor på Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Florø og Bergen. Det kan vere praktisk for stillinga med kontorstad i ein av byane Førde eller Florø, sidan Sunnfjord er det geografiske midtpunktet for regionen. Du vil ha følgande ansvarsområde :
Marknads- og kundeansvar : Du skal vere med å forme regionen si retning og satsingar vidare, og får handlingsrom til å ta avgjerder. Du er med å synleggjere Nordplan på møteplassar og i nettverk, du skal bidra til å styrke kunderelasjonar og posisjonere Nordplan som ein føretrekt samarbeidspartnar i regionen.
Prosjektansvar : Du leiar og følgjer opp prosjekt for kundane våre i regionen, frå planlegging til gjennomføring.
Utvikling av kontor og kollegaer : Du byggjer laget vidare gjennom rekruttering, oppfølging og utvikling av kollegaene dine, og du legg til rette for trivsel og fagleg vekst.
Leiaransvar : Du inngår i Nordplan si leiargruppe og får påverke selskapet sine prioriteringar og utvikling på nasjonalt nivå.
Ei leiarstilling med stor påverkingskraft og moglegheit til å utvikle regionen vidare.
Moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling, spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke folk rundt deg.
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med varierte og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om på prosjekt sida
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
Moglegheit for eigarskap i selskapet.
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet ved sine respektive kontor.
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
#J-18808-Ljbffr
Regionsleder • Førde, Vestland, Norge