Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Miljøterapeut / Fengselsbetjent – bli ein del av aktivitetsteamet vårt
Trondheim fengsel og forvaringsanstalt har ledig ei 100 % stilling som miljøterapeut eller fengselsbetjent i vårt tverrfaglege aktivitetsteam.
Teamet består av seks medarbeidarar som har som hovudoppgåve å følgje opp innsatte som er, eller står i fare for å bli, isolerte. Målgruppa omfattar alle kategoriar innanfor straffegjennomføring.
Føremålet med aktivitetsteamet er å skape ein meir meiningsfull kvardag gjennom aktivitetar og fellesskap som kan motverke isolasjon og dei skadeverknadene isolasjon kan gi. Tiltaka blir tilpassa individuelt eller i grupper, ut frå behova den enkelte innsatte har.
Arbeidstida er turnus utan natt, og du vil samarbeide tett med andre faggrupper både i og utanfor kriminalomsorga.
Som miljøterapeut eller fengselsbetjent i aktivitetsteamet vil du ha eit variert arbeid med innsatte, der hovudmålet er å førebygge isolasjon. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere :
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Som fengselsbetjent må du ha :
Som miljøterapeut må du ha :
Det er ønskjeleg at du har :
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har :
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei endå betre oppgåveløysing.
Vi arbeider for å realisere regjeringa si inkluderingsdugnad, der målet er at 5 % av nytilsetjingane i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i éin av desse kategoriane, kan du krysse av for dette i jobbsøkarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Vi ber om at relevante vedlegg blir lasta opp i Jobbnorge saman med søknaden, til dømes førarkort og vitnemål. Vi gjer merksam på at det ikkje må vere noko å utsetje på vandel hos den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om å bli unnateken frå den offentlege søkjarlista. Dersom ønsket om unntak ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla og få høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte for arbeidsområdet.
Kontaktinformasjon :
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Grethe Wolan, tlf. , e-post :
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er : tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Spørsmål om stillinga
#J-18808-Ljbffr
Fengselsbetjent • Trondheim, Trøndelag, Norge