Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege. Oppgi HPR-nummer i søknad. Søkjaren må beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar. Likar å jobbe med menneske og set pasienten i fokus. Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar. Er positiv og serviceinnstilt. Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling. Bidreg til god arbeidsmiljø på klinikken. Har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar. Ynskjer å være med å utvikle Vestland tannhelseteneste. Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga.
Vi tilbyr
Vi tilbyr løn etter avtale med ei minsteløn på 650 000 + rekrutteringstillegg. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Arbeidsstad og stillingsinformasjon
Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig vikariat i 100% stilling som tannlege frå . Tenestestad er for tida ved Bremnes tannklinikk. Bremnes tannklinikk er ein klinikk for 3 tannleger og 2 tannpleiere. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgåver.
Kontaktinformasjon
Eli Karin Sveen, klinikkleiar (tannpleiar),
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse,
Arbeidsstad
Svortlandsvegen 117
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Vestland fylkeskommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100%
Vikar
Startdato : Sluttdato :
Søknadsfrist :
Om Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
#J-18808-Ljbffr
Tannlege • Bømlo, Vestland, Norge