Overview
Engasjement, deltid 40%
AiR treng ein engasjert, læreviljug og positiv person, som kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre.
Du må ha interesse for profesjonell kjøkendrift og gjerne ha erfaring frå matlaging. Det er og aktuelt med tilsetjing av kokk.
Kjøkenet ved AiR er nyleg heilrenovert og er eit allsidig institusjonskjøken med spanande arbeidsoppgåver inkludert tilrettelagte diettar.
Stillinga er ei engasjement på 40% og del av ein turnus med arbeid på dagtid, kveldstid og helger. Ekstra vakter er aktuelt i tillegg.
Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetting i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar.
Rehabiliteringssenteret AiR er landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering (ARR), og ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. AiR-klinikk er CARF akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng, som også nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Fjellbygda Rauland er rik på natur og kultur og ligg sentralt plassert mellom aust og vest. Senteret har to klinikkar, ein i Rauland og ein poliklinikk i Oslo. Stillinga er ved klinikken i Rauland.
#J-18808-Ljbffr
Kjøkkenassistent • Rauland, Telemark, Norge