Sentralkjøkenet ved Volda Omsorgssenter har behov for fleire tilkallingsvikarar
Vi søkjer etter fleire tilkallingsvikarar retta mot arbeid som assistent / kokk ved sentralkjøkkenet ved Volda Omsorgssenter.
Det vert gjort fortløpande tilsetting.
Kvalifikasjonar
Du må ha førarkort klasse B.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter fleire tilkallingsvikarar retta mot arbeid som assistent / kokk ved sentralkjøkkenet ved Volda Omsorgssenter.
Det vert gjort fortløpande tilsetting.
Personlege eigenskapar
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når du er tilgjengelig for arbeid
Vi tilbyr
Som tilkallingsvikar i sektor helse- og omsorg får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Kontaktinformasjon
Hege Daugstad, Seksjonsleiar kjøkkendrift, ,
Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar Institusjonstenester, ,
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Volda kommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 20%
Vikar
Søknadsfrist :
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
#J-18808-Ljbffr
Ved • Volda, Møre og Romsdal, Norge