Talent.com
This job offer is not available in your country.
Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar

ArbeidsplassenSæbø, Møre og Romsdal, Norge
10 days ago
Job description

Er du helsefagarbeidar og ser etter nye utfordringar?

Hjørundfjordheimen ligg ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Eininga har avdelingar : sjukeheim avdeling med 16 plassar og bu-kollektivet med 14 plassar. I tillegg finst integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ei verdig alderdom i eit trygt miljø.

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga. Du må kunna jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men vil få dyktige kollegaer og eit godt lag. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg av høg kvalitet.

Årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året gir deg fleksibel turnus og ei trygg arbeidskvardag med kjende kollegaer.

  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar

Ved Hjørundfjordheimen har vi ledig fast 100 % og 85 % stilling for off. godkjend helsefagarbeidar.

Vil du vere med å sikre nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.

Arbeidsoppgåver og organisering

Arbeidsoppgåvar

Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet med fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel. Du må rekne med å arbeide på tvers av avdelingane.

  • Helsefaglege oppgåver
  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk, med vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Samspele med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veileding og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av rutine og retningslinjer
  • Justeringar og endringar innan for arbeidsgivar sin styringsrett kan skje i samsvar med kommunale behov.

    Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må vere off. godkjend helsefagarbeidar
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Det er ei fordel med førarkort klasse B
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Politiattest vil verte krav ved tilsetting
  • Personlege eigenskapar

    Vi ynskjer at du :

  • Har eit klart ønske om å gjere ein god jobb i møte med menneske
  • Har interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gje brukarane godt innhald i dagane
  • Gjev uttrykk for å takle utfordringar og endringar i arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og kan arbeide sjølvstendig og i team
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarar, og personlege eigenskapar vert vektlagde.Referansar vert nytta, og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

    Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår : Ørsta kommune har ordningar i KLP for tilsette, inkludert ulukkesforsikring. Som tilsett får du tilgang til offentleg tenestepensjon og andre fordelar gjennom KLP.

    Arbeidsvilkår : Dag / kveld, inkludert helger

    Stillingstilhøyring : Kap. 4GR1.2 - Fagarbeidarstilling. Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar

    Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk, prøvetid og andre lokale vilkår. Kommune har pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

    Intern søkjar

    Dersom du ynskjer å bli vurdert som intern søkjar, heng av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen minst 12 månader dei siste 2 åra, eller har andre forhold som gir fortrinnsrett.

    Dokumentasjon

    Last opp vitnemål og attest frå tidlegare arbeidsforhold i Webcruiter. Originale kopiar må med på intervju. Vitnemål og attestar ligg til grunn for ansiennitet og lønn. Send inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til og stillingsstorleik eller timetal.

    Om offentleglova

    Namn vert offentleggjort på ein søkarliste. Dersom du ønskjer å vere unntaken, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner fritak ikkje er gyldig, vert du varsla og fått høve til å trekkje søknaden før endeleg liste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Nina Måseidvåg, Avdelingsleiar, ,

    Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, ,

    Arbeidsstad

    Øyragata 20, 6165 Sæbø

    Nøkkelinformasjon :

    Arbeidsgivar : Ørsta kommune

    Referansenr. :

    Stillingsprosent : 100, 85%

    Fast

    Søknadsfrist :

    Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ei variert arbeidsmarknad og god geografisk plassering mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen, med nærområda Søre Sunnmøre / Nordfjord, utdanningstilbod i Ørsta og Volda, og direkte flyforbindelse til Oslo og Bergen.

    Heiltidskultur og inkludering : Ørsta kommune arbeider for å skape ei heiltidskultur, kontinuitet og tryggleik i tenestene, og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting eller bakgrunn. Tilsetting skjer etter gjeldande lov og avtalar.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Helsefagarbeidar • Sæbø, Møre og Romsdal, Norge