- har eit brennande engasjement for faget.
- ynskjer å gje pasientane eit heilskapleg behandlingstilbod.
- vil ha ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene våre i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Ved interesse for forsking kan ein få moglegheit til å delta i forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving. Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor pågåande forsking og det kan drøftast moglegheiter for å søka midlar til PhD innanfor potensielt aktuelle prosjekt.
Avdeling for Rus og Avhengighet / TSB er eit felt det satses på og me legg til rette for gode betingelsar.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga, og velkommen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling
- Deltakelse i tverrfaglig team
- Samarbeid rundt pasientar, internt og eksternt
- Rettleiing og undervisning, internt og eksternt
- Kontinuelleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar mm.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon.
- Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som :
- er opptatt av faget og det beste for pasientane
- er god på samarbeid
- er god på formidling av kunnskap
- dokumenterar og formulerar deg godt både muntleg og skriftleg
- arbeidar strukturert og sjølvstendig
- er kreativ, nytenkjande og pragmatisk
Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Vi tilbyr
- Løn og spesialistpermisjon jfr. avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein fleksibel arbeidsplass med fleksitid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Janne Elise Tangjerd Lyngstad, Avdelingsleiar, Avdeling for rus og avhengighet, ,
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Helse Fonna HF
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100%
Fast
Søknadsfrist :
Janne Elise Tangjerd Lyngstad
#J-18808-Ljbffr