Kantor / Organist / Kyrkjemusikar (30%) i Tysvær kyrkjelege fellesråd med hovudvekt på Nedstrand sokn
Vil du ha ein utfordrande jobb i ei lokalkyrkje med stor aktivitet?
Vi kan tilby ei utfordrande stilling og gode instrument i kyrkjene.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Søknadsfrist : Stillinga vart ikkje besatt ved fristen. Vi ber interesserte senda søknad. Vi vil vurdere søknadar når dei kjem og kalle inn aktuelle kandidatar til intervju.
Legg ved relevante attestar og vitnemål mv i tillegg til CV og søknadstekst.
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Ottar Krakk på telefon eller e-post
Sjå og fellesrådet si heimeside
Våre tre sokn, Nedstrand, Tysvær og Førresfjorden ønskjer at kyrkja skal være ein møtestad kor det er plass til liv og tru, der kvar enkelt blir sett og får tillit. Ein stad med rom for både glede og sorg, kreativitet og alvor, stille og undring
Nedstrand sokn har ca. 1800 innbyggarar fordelt på Nedstrand og Skjoldastraumen kyrkjelydar. Det er eit variert gudstenesteliv for store og små i kyrkjelyden, og god oppslutning om konfirmasjon og trusopplæringstiltak. I kyrkjelydane arbeider det både kyrkjetenar, organist, kyrkjelydspedagog, diakon og sokneprest mfl. Arbeidet vert drive av tilsette, i samarbeid med vaksne frivillige og ungdomsleiarar. Orgelet i Nedstrand Kyrkje er eit Christensen og Sønner, 14 stemmers orgel og i Skjoldastraumen er det eit Gustavsen, 8 stemmers orgel. Kyrkjekontoret er i Aksdal kyrkje, ei arbeidskyrkje sentralt plassert i kommunesenteret. Vi har og eit nært samarbeid med Bokn sokn i vår nabokommune.
#J-18808-Ljbffr
Kantor • Tysvær, Rogaland, Norge